Spørsmål om bevisvurderinga i ei straffesak behandla med lagrette skulle ha vore grunngitt under skyldspørsmålet

Høgsteretts dom, 03.09.2010, HR-2010-01479-A, (sak nr. 2010/825), straffesak, anke over dom

 
A (advokat Petter Bonde) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Lasse Qvigstad)

Dommarane: Tønder, Normann, Bårdsen, Coward, Gjølstad

Saka gjaldt spørsmål om bevisvurderinga i ei straffesak behandla med lagrette skulle ha vore grunngitt under skyldspørsmålet når ein ikkje hadde komme til at det låg føre nødverje. Saka reiste også spørsmål om verknaden av at retten blei sett med lagrette når han i dette tilfellet skulle ha vore sett som meddomsrett.

A blei sett under tiltale for mellom anna å ha slått ein person i ansiktet slik at han mista bevisstheita, blei påført diverse skadar i ansiktet og blei sjukmeld i sju veker, jf. straffelova § 229 tredje straffalternativ, jf. § 232. Han blei i tingretten frifunne på dette punktet i tiltalen på grunn av nødverje. Tingretten gav ei relativt utførleg grunngiving for kvifor vilkåra for nødverje låg føre.

Etter at lagretten hadde svart ja på skyldspørsmålet, uttalte lagmannsretten med tilvising til Rt. 2009 side 1439 at han ikkje fann at saka var av ein slik karakter at det var krav om grunngiving av orskurden i lagretten.

Høgsterett fann at det var ein saksbehandlingsfeil at lagmannsretten var sett med lagrette, ettersom den tiltalte var under 18 år på gjerningstidspunktet og det ikkje var påstått, eller idømt ved den påanka dommen, straff av fengsel i meir enn to år, jf. straffeprosesslova § 352 andre ledd nr. 2. Tilhøvet måtte likevel vurderast på same måte som unntaka frå hovudregelen som er rekna opp i straffeprosesslova § 343 andre ledd nr. 3 om at feil som består i at retten ikkje var lovleg sett, alltid skal ha verknad. Angrepet på saksbehandlinga på dette punktet kunne derfor ikkje føre fram.

Høgsterett kom vidare til at det ikkje var feil av lagmannsretten ikkje å grunngi bevisvurderinga under skyldspørsmålet. Det blei vist til rettstilstanden slik han sist er oppsummert i dommen i Høgsterett 30. juni 2010. Slik saka såg ut, saman med det lagmannsretten elles uttalte i straffutmålingspremissane, var det ikkje noko ved avgjerda som stod som uforklart for den tiltalte. 

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen