Spørsmål om det ved domfelling for fleire tilfelle av brannstifting skal reagerast med forvaring

Høgsteretts dom, 24.11.2010, HR-2010-02014-A, (sak nr. 2010/944), straffesak, anke over dom

Den offentlege påtalemakta (kst. statsadvokat Birgitte Budal Løvlund) mot A (advokat John Christian Elden)

Dommarane: Tønder, Normann, Falkanger, Utgård, Gjølstad

Saka gjaldt spørsmål om det ved domfelling for fleire tilfelle av brannstifting skal reagerast med forvaring, jf. straffelova § 39 c.

A blei sett under tiltale for tre tilfelle av brot på den såkalla mordbrannparagrafen, straffelova § 148, eitt forsøk og skadeverk i tilknyting til desse tilfella. I tillegg blei han tiltalt for ytterlegare to tilfelle av skadeverk i form av brannstifting. Han utførte handlingane over ein periode på eitt år og ni månader, om natta i helgene og i nabolaget sitt, etter at han hadde vore på ein utestad og drukke alkohol. Også sjølve framgangsmåten var kvar gong den same. Til saman 15 menneske var til stades i husa som blei påtende, fleire av dei var barn og eldre, og ein av dei var rørslehemma. Alle låg og sov. Takk vere rask sløkking kom ingen fysisk til skade, men handlingane blei vurderte slik at dei innebar særleg høg risiko for tap av menneskeliv.

Tingretten dømde A til forvaring med ei tidsramme på ni år og ei minstetid på seks år. Lagmannsretten utmålte straffa til fengsel i ni år.

Høgsterett kom til at ein måtte reagere med forvaring med same tidsramme og minstetid som i tingretten, trass i ung alder på gjerningstidspunktet – han var da mellom 22 og 24 år – og lang alternativ fengselsstraff. Høgsterett la særleg vekt på at det på grunnlag av fråsegner frå sakkunnige saman med utsegna frå Den rettsmedisinske kommisjonen ikkje var mogleg å gi ein nokolunde sikker prognose for at dei trekka i A sin personlegdom som hadde resultert i brannstiftingane, ville vore endra ved slutten av soninga. Det var også uavklart kva som hadde vore motivet.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen