Spørsmål om ein politiadvokat kunne straffast for brot på teieplikta

Høgsteretts dom, 03.12.2010, HR-2010-02058-A, (sak nr. 2010/1159), straffesak, anke over dom

A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta (sjefen for Spesialenheten for politisaker Jan Egil Presthus)

Dommarane: Coward, Webster, Sandberg, Normann, Gjølstad

Saka gjaldt spørsmålet om ein politiadvokat kunne straffast for brot på teieplikta etter straffelova § 121. På politihuset hadde ho fortalt bestefaren til ein ung mann at det i samanheng med etterforsking mot barnebarnet i ei trafikksak hadde komme fram opplysningar om at han hadde vore påverka av hasj. Opplysninga var klart omfatta av teieplikta til politiadvokaten etter straffeprosesslova § 61 a, og spørsmålet var om unntak frå teieplikta i §§ 61 b og 61 c kom til bruk.

Tingretten frifann politiadvokaten fordi han meinte barnebarnet hadde samtykt i at bestefaren opptredde som representant for han, sjå straffeprosesslova § 61 c nr. 1. I lagmannsretten blei politiadvokaten dømd – under dissens 5–2. Fleirtalet meinte at det ikkje låg føre straffriande samtykke eller representasjonsoppdrag, og at også skyldkravet om grov aktløyse var oppfylt.

Anken frå politiadvokaten til Høgsterett førte fram. Lagmannsretten si beskriving av kva politiadvokaten, bestefaren og barnebarnet hadde fortalt av betydning for om det låg føre samtykke/representasjonsoppdrag, viste eit nokså uklart bilete. Høgsterett var tilbøyeleg til å vere einig med fleirtalet i lagmannsretten i at det ikkje låg føre slikt samtykke eller representasjonsoppdrag frå barnebarnet som gav politiadvokaten rett til å gi dei ømfintlege opplysningane til bestefaren. Men sjølv om politiadvokaten kunne kritiserast for å ha gitt ut opplysningane, kunne ein ikkje sjå handlemåten som straffbar. Kravet til grov aktløyse er formulert som å innebere at ”det må foreligge en kvalifisert klanderverdig opptreden som foranlediger sterke bebreidelser for mangel på aktsomhet”. Ein slik karakteristikk av handlemåten til politiadvokaten fann Høgsterett, ut frå det temmeleg uklare biletet i saka, ikkje riktig.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen