Spørsmål om ein gjerningsmann som hadde gjort ei rekkje alvorlege seksualbrotsverk skulle dømmast til forvaring

Høgsteretts dom 02.06.2010, HR-2010-00945-A, (sak nr. 2010/298), straffesak, anke over dom

Straffelova § 39 c

A (advokat Trygve Staff) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Berit Sagfossen)

Dommarane: Matheson, Støle, Indreberg, Falkanger, Coward

Saka gjaldt spørsmål om ein gjerningsmann som hadde gjort ei rekkje alvorlege seksualbrotsverk, skulle dømmast til forvaring etter straffelova § 39 c nr. 1. I tingretten og i lagmannsretten var den domfelte dømd til forvaring i 15 år med ei minstetid på 10 år.

Den domfelte hadde gjort seg skyldig i ikkje mindre enn åtte svært alvorlege seksualbrotsverk, under dette i alt fem fullbyrda valdtekter til samleie eller handling som er likestilt med samleie. Dei andre tilfella gjaldt valdtekt til seksuell omgang. Brotsverka var gjorde mot ulike, tilfeldig utvalde kvinner. Hendingane fordelte seg over ni år. To av handlingane var gjorde innanfor ein firevekers periode i 2006. Dei fire siste handlingane var gjorde innanfor ein åttevekers periode i 2007. Den domfelte blei tilfeldig gripen etter å ha blitt kjend att i ein nattopen storkiosk like etter at han hadde trengt seg inn i leilegheita til det siste offeret og valdteke henne hausten 2007.

Tidlegare praksis frå Høgsterett gav i liten grad rettleiing for å måle ut ei alternativ tidsavgrensa fridomsstraff for dei aktuelle handlingane, sjølv om ein kunne finne enkelte haldepunkt. Høgsterett uttalte at brutaliteten og det uhyggjelege handlingsmønsteret i form av overfallsvaldtekter måtte føre til ei svært streng straff. Ein gjekk ut frå at ei tidsavgrensa fridomsstraff ville liggje på tolv års fengsel. Det blei med utgangspunkt i sakkunnige erklæringar konstatert at det låg føre gjentakingsfare, og at ein slik fare også ville liggje føre etter at gjerningsmannen hadde sona ei fridomsstraff på tolv år.

Høgsterett heldt ved lag dommen i lagmannsretten om forvaringsstraff med den endringa at lengstetida blei sett til tolv år. Minstetida blei i samsvar med utgangspunktet om eit tenkt tidspunkt for prøvelauslating ved soning av ei tilsvarande lang fengselsstraff sett til åtte år.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen