Straffutmåling for ran og ransforsøk

Høgsteretts dom, 01.11.2010, HR-2010-01849-A, (sak nr. 2010/871), straffesak, anke over dom

A (advokat Mette Yvonne Larsen) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Lasse Qvigstad)

Dommarane: Bårdsen, Normann, Matheson, Tønder, Matningsdal

Saka gjaldt straffutmåling for ran og ransforsøk. Det sentrale spørsmålet var kva det skal ha å seie at den domfelte på gjerningstida var under 18 år.

A og seks andre ungdommar blei sette under tiltale for fleire ran og eitt ransforsøk – alt skjedde natt til 5. april 2009. Tingretten fann mellom andre A skyldig, og dømde han til ei straff av fengsel i tre år, av dette blei halvparten gjord til vilkårsstraff. A anka over straffutmålinga, og lagmannsretten reduserte straffa til fengsel i to år og seks månader, av dette blei eitt år og seks månader gjorde til vilkårsstraff etter straffelova §§ 52-54, med ei prøvetid på to år.

A anka over straffutmålinga i lagmannsretten. Han gjorde gjeldande at ein burde nytte samfunnsstraff, ettersom han på gjerningstida var 17 år og 4 månader. Det blei særleg vist til artiklane 3, 37 bokstav b og 40 i FNs barnekonvensjon, jf. også straffelova 2005 § 33.

Anken førte fram, og straffa blei sett til samfunnsstraff i 417 timar, med ei gjennomføringstid på eitt år og seks månader, og ei subsidiær fengselsstraff på to år og seks månader. Det blei uttrykt atskilleg tvil.

Etter ein gjennomgang av utviklinga i norsk strafferett – sett i lys av dei sentrale føresegnene i Barnekonvensjonen – blei det meir generelt uttalt at der domfelte er under 18 år på gjerningstida, blir tyngdepunktet i avveginga mellom dei individualpreventive og dei allmennpreventive omsyna forskuva: Det som i lengda alt i alt tener interessene til barnet best, trer i framgrunnen og kan berre setjast til side dersom det ligg føre særleg tungtvegande allmennpreventive omsyn som ikkje i tilfredsstillande grad også blir tekne vare på ved ein dom på samfunnsstraff. Jo yngre barnet er, desto meir må det til.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen