Tap av førerett etter gjenteken promillekøyring

Høgsteretts dom 10.03.2010, HR-2010-00441-A, (sak nr. 2009/1939), straffesak, anke over dom

Vegtrafikklova § 33 nr. 1 tredje ledd

Den offentlege påtalemakta (kst. statsadvokat Kirsti Guttormsen) mot A (advokat John Christian Elden)

Dommarane: Webster, Øie, Indreberg, Matheson, Gjølstad

Saka gjeld fastsetjing av varigheita av tap av førerett etter gjenteken promillekøyring.

A blei dømd for promillekøyring i november 2003, etter å ha blitt teken med 1,74 i promille 13 månader tidlegare. I november 2008 blei han på nytt teken i promillekøyring, med høg promille (0,86 milligram per liter utandingsluft).

Utgangspunktet i vegtrafikklova § 33 nr. 1 tredje ledd er at ein person som blir dømd for promillekøyring for andre gong, skal tape retten til å køyre motorvogn for alltid dersom køyringa skjedde innan fem år etter den første promilledommen. I dette tilfellet manglar det tre dagar på at det var fem år sidan den første domfellinga.

A gjorde gjeldande – og vann fram i lagmannsretten med det – at det låg føre ”helt spesielle grunner” som tilsa at unntaksføresegna i § 33 nr. 1 sjette ledd skulle brukast. Den lange tida den første promillesaka låg hos påtalemakta, var årsaka til at det neste tilfellet av promillekøyring kom innunder femårsfristen.

Påtalemakta anka til Høgsterett, som tok anken til følgje.

Ordlyden, forarbeida og høgsterettspraksis om § 33 nr. 1 sjette ledd viste at unntaksføresegna var meint å vere svært snever, ein ”sikkerhetsventil”, som ikkje blei brukt i eit tilfelle som dette. Tapet av føreretten blei sett til ”for alltid”.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen