Vilkåra for passiv medverking

Høgsteretts dom 22.12.2010, HR-2010-02210-A, (sak nr. 2010/1399), straffesak, anke over dom

A (advokat Stian Finne Lange) og B (advokat Gunnar K. Hagen) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Erik Førde)

Dommarane: Utgård, Endresen, Sandberg, Matheson, Coward

Hovudspørsmålet i saka gjaldt vilkåra for passiv medverking.

A og B vart i lagmannsretten begge dømde for medverking til grov lekamskrenking etter straffelova § 229 tredje straffalternativ, jf. § 232. Ettersom ingen kunne peikast ut som direkte gjerningsmann til ei knivstikking som hadde ført til livstrugande personskade, vart to som hadde vore i handgemeng med den skadde, begge domfelte for medverknad. Det vart lagt til grunn at det hadde skjedd ei brå og uventa endring av hendingsgangen, ved at ein av dei to plutseleg hadde teke ein brødkniv frå eit bord og stukke med den.

Høgsterett drøfta krava til at det skal kunne domfellast etter passiv medverknad. For handlingar som deltakarar har vore saman om å planleggje og utføre, vil det vere ei plikt til inngriping for ein deltakar der ein annan deltakar går lenger enn det som opphavleg var tenkt. Det må då gjerast noko for å avbryte handlinga eller utvidinga for at vedkomande ikkje skal bli ansvarleg fullt ut. Det må samtidig vere slik at vedkomande deltakar må ha tid og høve til å områ seg med omsyn til det som skal gjerast.

Høgsterett kom til at det var uklart om lagmannsretten hadde bygd på rett forståing av lova, og oppheva lagmannsrettsdommen med ankeforhandling.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen