Rettens høve til å ta omsyn til overskotsinformasjon frå kommunikasjonskontroll

Høgsteretts dom, 25.08.2010, HR-2010-01431-A, (sak nr. 2010/751), straffesak, anke over dom
A (advokat Anders Brosveet) og B (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Erik Førde)

Dommarane: Endresen, Skoghøy, Tønder, Normann, Coward

Saka gjaldt om retten har høve til å ta omsyn til overskotsinformasjon frå kommunikasjonskontroll når retten vurderer å domfelle for ei handling som ikkje ville gitt grunnlag for kommunikasjonskontroll.

Kommunikasjonskontroll var sett i verk på grunnlag av mistanke om eit alvorleg narkotikabrotsverk. Ved kontrollen kom det fram opplysningar om at det hadde vore eit ran, og påtalemakta tok ut tiltale for grovt ran. Tingretten fann likevel ikkje bevis for dei elementa ved ranet som måtte føre til at det måtte reknast som grovt, og dei to blei dømde for simpelt ran. Tingretten fann å kunne bruke dei bevisa som var skaffa fram ved kommunikasjonskontrollen.

Dei to tiltalte gjorde gjeldande for lagmannsretten at det følgde av føresegna i Den europeiske menneskerettskonvensjonen artikkel 8 at det ikkje var høve til å føre dei aktuelle bevisa etter at tingretten hadde funne at det ikkje var bevisgrunnlag for å dømme dei to for grovt ran.

Høgsterett hadde allereie i Rt. 2007 side 1409 slått fast at tiltalevedtaket må vere avgjerande for spørsmålet om bevisa kan førast. Denne løysinga blei halden ved lag. At problemstillinga blir reist før dei aktuelle bevisa er førte for lagmannsretten, kunne ikkje føre til eit anna resultat. Domfelling i tingretten ville ikkje gi meining om avskjering av bevis systematisk måtte føre til at dommen i tingretten ikkje lenger kunne gjelde.

Det at den eine av dei domfelte ikkje hadde vore mistenkt for dei handlingane som utgjorde grunnlaget for kommunikasjonskontrollen, kunne heller ikkje føre til eit anna resultat.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen