Spørsmål om benzodiazepinet fenazepam er å sjå på som narkotika etter derivatregelen i forskrift om narkotika

Høgsteretts dom, 16.04.2010, HR-2010-00630-A, (sak nr. 2010/99), straffesak, anke over dom

Den offentlege påtalemakta (kst. statsadvokat Hans A. Vikheim) mot A (advokat John Christian Elden)

 

Dommarane: Webster, Tønder, Bruzelius, Stabel, Tjomsland

Saka gjeldspørsmålet om benzodiazepinet fenazepam er å sjå på som narkotika etter derivatregelen i forskrift om narkotika mv. (narkotikalista) § 2 andre ledd.

A og ein venn, B, hadde importert og oppbevart ca. 2 kilo av stoffet fenazepam, som har narkotisk verknad på linje med Valium, Vival og liknande preparat, og ein kjemisk struktur som er svært lik stoff som står på narkotikalista. A og B blei dømde for dette i tingretten. A anka og blei frifunnen i lagmannsretten fordi leiaren av retten i rettsutgreiinga la til grunn at det ikkje var tilstrekkeleg klar lovheimel, jf. EMK artikkel 7.

Ved tolkinga av omgrepet ”derivat av” i narkotikalista § 2 andre ledd, blir det teke utgangspunkt i den kjemiske definisjonen. Men dei sakkunnige for Høgsterett var ueinige om korleis omgrepet ”derivat” var å forstå i kjemien – om eit derivat er eit stoff som er kjemisk lik eit anna stoff, eller om eit derivat er eit stoff som kan avleiast eller dannast av eit anna stoff. Ved den sistnemnde tolkinga ville fenazepam ikkje vore eit derivat slik det er definert i § 2 andre ledd, ettersom ei slik omdanning er svært krevjande i praksis. Med ein slik uklarleik om korleis ein skal forstå omgrepet ”derivat”, var det ikkje tilstrekkeleg klar lovheimel til å straffe, jf. EMK artikkel 7.

Anken blei derfor forkasta. B, som var dømd i tingretten, men ikkje hadde anka sjølvstendig til lagmannsretten, blei frifunnen, jf. straffeprosesslova § 342 tredje ledd.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen