Spørsmål om lagmannsretten under ankesiling hadde gått ut over rammene for ei slik avgjerd

Høgsteretts orskurd, 12.05.2010, HR-2010-00817-A, (sak nr. 2010/248), straffesak, anke over vedtak

A (advokat John Egil Myhre) mot Den offentlege påtalemakta (kst. førstestatsadvokat Terje Nybøe)

Straffeprosesslova § 321 andre ledd

Dommarane Utgård, Tønder, Falkanger, Møse, Schei

Spørsmålet i saka var om lagmannsretten under ankesiling, jf. straffeprosesslova § 321 andre ledd, hadde gått ut over rammene for ei slik avgjerd.

Høgsterett viste til at lagmannsretten i sitt silingsvedtak la vekt på moment som hadde vore framme i tingretten, og som tingretten hadde lagt vekt på. Men tingretten hadde omtala ein del moment som ”indisier”, og eitt bevis – det såkalla blodbeviset – som ”avgjørende”. Lagmannsretten forkasta blodbeviset, og bygde opp si eiga grunngiving, basert på dei momenta som tingretten hadde vurderet som indisium. Desse vart dermed tillagde ei vekt i totaltvurderinga som tingretten ikkje hadde funne grunnlag for.

Lagmannsretten hadde då fråvike det biletet som tingretten hadde bygd opp ut frå direkte bevisføring. Når lagmannsretten, ut frå dokumenta, såg bort frå det avgjerande beviset for tingretten, og i staden etablerte eit nytt grunnlag for domfelling, hadde lagmannsretten kryssa ei grense for kva som var overprøving av tingrettsdommen, jf. Rt. 2008 side 1764 avsnitt 51. Ei slik sjølvstendig oppbygging av eit nytt grunnlag for domfelling, innebar ei ny prøving av bevisa under skuldspørsmålet, som ligg utanfor det som etter systemet i straffeprosesslova er ei overprøving av den påanka avgjerda.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen