Straffutmåling for lekamsskading med betydeleg og varig skadefølgje

Høgsteretts dom, 01.09.2010, HR-2010-01466-A, (sak nr. 2010/872), straffesak, anke over dom
A (advokat Arild Dyngeland) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Arild Oma)
Straffelova § 229 tredje straffalternativ jf. § 232 og straffelova § 228 første ledd jf. § 232

Dommarane: Matheson, Bruzelius, Webster, Falkanger, Tjomsland

A blei i tingretten dømd for to tilfelle av uprovosert vald som var blitt utførte ved same anledning (høvesvis straffelova § 229 tredje straffalternativ jf. § 232 og straffelova § 228 første ledd jf. § 232). Han var tidlegare straffa for vald. Tingretten sette straffa til fengsel i tre år, av dette seks månader på vilkår. I lagmannsretten blei heile straffa omgjord til vilkårsdom.

A anka straffutmålinga til Høgsterett og gjorde gjeldande at tingretten i straffutmålinga hadde bygd på utsegnene i forarbeida til ny straffelov om skjerping av straff for valdsbrotsverk på ein måte som var i strid med utmålingsprinsippa i storkammeravgjerda i Rt. 2009 side 1423. Storkammeravgjerda låg føre først etter dommen i tingretten, men før dommen i lagmannsretten. Slik han såg det, lét straffutmålinga i lagmannsretten etter seg usikkerheit om feilen som var blitt gjord i tingretten, var blitt fanga opp.

Høgsterett uttalte at det hadde vore naturleg om lagmannsretten i dommen hadde kommentert tilhøvet til storkammeravgjerda, men kom til at den straffa lagmannsretten hadde målt ut, ikkje var for streng. Det blei vist til at det ved lekamsskadinga låg føre ei massiv utøving av vald, eit element av mishandling og ei varig skadefølgje for den som var krenkt, og til at Høgsterett i avgjerda i Rt. 2009 side 1423 har lagt til grunn at straffenivået for valdsbrotsverk gradvis skal skjerpast. Anken blei derfor forkasta.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen