Straffutmåling for seksuell omgang med barn under 14 år

Høgsteretts dom 02.06.2010, HR-2010-00943-A, (sak nr. 2010/311), straffesak, anke over dom

A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Tormod Haugnes)

B (advokat Erik Keiserud) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Tormod Haugnes)

A (advokat John Christian Elden) og B (advokat Erik Keiserud) mot C v/verge D (bistandsadvokat K. Holst Sæther)

Dommarane: Falkanger, Matheson, Støle, Møse, Coward

Saka gjeld straffutmåling for seksuell omgang med barn under 14 år, jf. straffelova § 195 andre ledd bokstav a, jf. fjerde ledd. To gutar – den eine hadde akkurat fylt 16 år på gjerningstidspunktet, den andre var 15 år og 7 månader – hadde i fellesskap hatt seksuell omgang med ei jente på 13 år og 5 månader. Lagmannsretten kom til at gjerningsmennene og den krenkte var ”omtrent jevnbyrdige i alder”, jf. § 195 fjerde ledd, men meinte likevel at gjerningsmennene burde dømmast til 360 timars samfunnsstraff og plikt til i fellesskap å betale 80 000 kroner i oppreisningserstatning.

Ankane frå dei domfelte til Høgsterett gjaldt straffutmålinga og oppreisningserstatninga. Spørsmålet om jamlikskap i alder – som høyrer til skyldspørsmålet – stod altså ikkje til prøving. Høgsterett kom – som lagmannsretten – til at straffa ikkje skulle falle bort. Det blei lagt vekt på at gutane nokså kynisk hadde skjenkt store mengder alkohol til jenta for å bryte ned uviljen hennar mot seksuell omgang. Både straffa og oppreisningserstatninga blei likevel reduserte; her blei det særleg vist til alderen til gjerningsmennene. Straffa blei sett til samfunnsstraff i 75/50 timar, medan oppreisningserstatninga blei sett til 30 000 kroner.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen