Straffutmåling for seksuelle handlingar utførde av ein advokat

Høgsteretts dom 07.05.2010, HR-2010-00776-A, (sak nr. 2010/94), straffesak, anke over dom

A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Randi Gabrielsen)

 

Dommarane: Møse, Skoghøy, Endresen, Webster, Matningsdal

Ei kvinne oppsøkte advokat for å få hjelp i samband med ein klage mot ein klinikk etter ein kosmetisk operasjon (fettsuging). Advokaten tok bilete av magen hennar medan ho var delvis avkledd. Deretter tok han på kjønnsorganet hennar under trusa, tok på brysta hennar og saug på den eine brystvorta hennar.

I tingretten blei han dømd til fengsel i sju månader for brot på straffelova § 193 første ledd og § 200 første ledd. Lagmannsretten kom til at alle handlingane fall innunder § 200 første ledd om seksuell handling, og sette straffa til fengsel i 120 dagar.

Anken frå den domfelte til Høgsterett over straffutmålinga blei forkasta. Høgsterett var einig med lagmannsretten i at berøringa av kjønnsorganet grensa opp mot § 193 om seksuell omgang. Det dreidde seg om fleire tilnærmingar, og handlingane hadde karakter av å vere eit grovt tillitsbrot. Advokaten utnytta situasjonen og var overlegen i alder, stilling og ved at handlingane blei utførte på kontoret hans.

Det var einigheit om at anken skulle forkastast. Tre dommarar fann ikkje grunn til å uttale seg om betydninga av ei eventuell tilbakekalling av advokatløyvet etter domstollova § 230. To dommarar (Skoghøy og Matningsdal) uttalte at ved utmåling av straff for eit lovbrot som er gjort av ein advokat, bør det ikkje takast omsyn til om vedkommande med heimel i domstollova blir fråteken løyvet.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen