Spørsmål om analogisk bruk av reglane om partshjelp i straffesak

Høgsteretts ankeutvals vedtak 11.10.2010, HR-2010-01715-U, (sak nr. 2010/937), straffesak, anke over orskurd

Aller Internett AS (advokat Bjørn Stordrange) mot Den offentlege påtalemakta (kst. statsadvokat Terjei Istad)

Dommarane: Matningsdal, Skoghøy, Webster

I ei ankesak overført til avdeling i Høgsterett, jf. domstolloven § 5 første ledd andre punktum, som gjeld pålegg om utlevering av bevis i straffesak, jf. straffeprosesslova § 210, og som reiser spørsmål om kjeldevernet til redaktørar og journalistar er til hinder for slik utlevering, jf. straffeprosesslova § 125, erklærte Norsk Redaktørforening partshjelp til fordel for den ankande parten, Aller Internett AS.

Ankeutvalet i Høgsterett kom – under dissens – til at Norsk Redaktørforening måtte ha lov til å opptre som partshjelpar.

Fleirtalet i utvalet – dommarane Matningsdal og Skoghøy – viste til mindretalet i Høgsterett i Rt. 2008 side 158, og meinte at reglane om partshjelp må brukast analogisk ved avgjerd av sivile krav i straffeprosessuelle former. Fleirtalet meinte at spørsmålet om kjeldevernet til redaktørar og journalistar er til hinder for utlevering av bevis, etter sin art er av sivilrettsleg (borgarleg) karakter. Vidare meinte fleirtalet at sidan spørsmålet om kjeldevernet til redaktørar og journalistar er til hinder for utlevering av bevis, klart fell innanfor formålet og verkefeltet til redaktørforeininga, måtte Norsk Redaktørforening få lov til å opptre som partshjelpar etter analogi frå tvistelova § 15-7 første ledd bokstav b.

Mindretalet i utvalet – dommar Webster – meinte at spørsmålet om å tillate partshjelp burde avgjerast av Høgsterett i avdeling. Mindretalet viste til at Rt. 2008 side 158 avsnitt 47 tyder på at fleirtalet i den saka ikkje føresåg analogisk bruk av reglane for partshjelp i straffesaker, og at det å tillate partshjelp inneber ein nyskapning som Høgsterett i avdeling burde ta stilling til.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen