Straffutmåling ved forsikringsbedrageri

Høgsterettsdom 29. juni 2018, HR-2018-1281-A, (sak nr. 18-051721STR-HRET), straffesak, anke over dom, A (advokat Berit Reiss-Andersen) mot Påtalemakta (kst. statsadvokat Heidi Reinholdt-Østbye)

Dommarar: Høgetveit Berg, Arntzen, Noer, Kallerud, Webster 

Saka gjeld straffutmåling for forsikringsbedrageri og for dokumentfalsk knytt til forsikringsbedrageri. Spørsmålet var i hovudsak om straffa skulle vera samfunnsstraff eller vilkårslaust fengsel. 

Høgsterett kom etter ei samla vurdering til at beløpet (ca 58.000 kroner) ikkje aleine hindra samfunnsstraff, men at det i denne konkrete saka uansett måtte reagerast med vilkårslaust fengsel, då beløpet berre er eitt av mange moment i den samla straffutmålinga. 

Dommen får tyding for straffutmåling ved forsikringsbedrageri. 

Les heile avgjerda

Til toppen