Familiegjenforeining og ordre public

Høgsteretts dom og orskurd 23. juni 2021, HR-2021-1345-A, (sak nr. 20-174954SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.

A, B, C, Selvhjelp for innvandrere og flyktninger (SEIF) (partshjelpar), Norsk organisasjon for asylsøkere (NOAS) (partshjelpar), D (partshjelpar) (advokat Georg Schjerven Hansen) mot Staten v/Utlendingsnemnda (Regjeringsadvokaten v/advokat Kaija Marie Folkestad Bjelland)

Dommarar: Webster, Falkanger, Ringnes, Bergh, Høgetveit Berg

Saka gjaldt prøving av vedtak om opphaldsløyve etter reglane om familiegjenforeining.

Den ankande parten var ikkje fylt 13 år då ho gifta seg i Syria i 2012. Ekteparet fekk to born då mora var høvesvis 13 og 16 år gamal. Ektemannen fekk opphaldsløyve i Noreg som flyktning i 2015. Den ankande parten søkte i 2017 om familiegjenforeining i Noreg for seg og borna.

Forvaltninga avslo søknadane fordi det det openbert ville verke støytande på norsk rettsorden – ordre public – å godta ekteskapet som grunnlag for opphaldsløyve. Høgsterett kom samrøystes til at avslaget på søknaden om opphaldsløyve var ugyldig. Den lange tida som hadde gått, det faktum at søkjaren no var over 18 år og hadde eit reelt ynske om å halde fram med samlivet med ektemannen, talte for at det vil vera i strid med rettskjensla å nekte henne og borna opphaldsløyve på grunn av ekteskapet.

Dei ankande partane hadde kravd fastsetjingsdom for brot mot EMK artikkel 8. Ut frå resultatet var det for Høgsterett ikkje nødvendig å ta stilling til dette spørsmålet, og kravet vart avvist.

Dommen gjev rettleiing for bruken i familiegjenforeiningssaker etter utlendingslova av ordre public-reservasjonen i ekteskapslova § 18 a.

Les heile avgjerda her

Til toppen