Krav om frådrag for inngåande meirverdiavgift ved sal av fast eigedom

Høgsteretts dom 14. oktober 2021, HR-2021-2025-A, (sak nr. 21-018532SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.

Skatteklagenemnda (advokat Finn Backer-Grøndahl) mot Staten v/ Finansdepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Ole Kristian Rigland) (Rettsleg medhjelpar: advokat Nils Sture Nilsson)

Dommarar: Indreberg, Matheson, Ringnes, Bergh, Høgetveit Berg

Saka gjaldt gyldigheita av fem vedtak frå Skatteklagenemnda. Fem avgiftspliktige selskap hadde kravd frådragsrett for inngåande meirverdiavgift på kjøp av tenester i samband med avgiftsfritt sal av fast eigedom. Spørsmålet var om kjøpet av tenestene var «til bruk i den registrerte virksomheten», jf. meirverdiavgiftslova § 8-1.

Høgsterett slo samrøystes fast utgangspunktet om at det ikkje kan krevjast frådrag for inngåande meirverdiavgift som følgje av kjøp av tenester som er knytt til slik avhending, men at dette ikkje er unntaksfritt.

Høgsterett uttalte vidare at det avgjerande for frådragsretten er om kjøpet av varer eller tenester er relevant for – og har ei tilstrekkeleg naturleg og nær tilknyting til – eiga avgiftspliktig verksemd for den avgiftspliktige. Vurderinga er heilskapleg og konkret. Føremålet med vare- eller tenestekjøpet er eit sentralt moment. Vidare må dei konkrete verknadene kjøpet har for den avgiftspliktige verksemda, vurderast opp mot kor sterkt det er knytt til den avgiftsfritekne omsetnaden. Avveginga må ikkje tapa av syne føremålet med frådragsretten.

Det eine vedtaket gjaldt rådgjevingskostnader knytt til avhendinga av Siemens’ gamle hovudkontor. Handelen var del av eit transaksjonskompleks som omfatta sal av eigedomen, rett for Siemens til vidare leige av det eksisterande bygget, plikt for kjøparen til å oppføre nye kontorlokale tilpassa Siemens’ aktuelle behov, og rett for Siemens til å leige desse nye kontorlokala. Isolert var salet ikkje direkte relevant for den avgiftspliktige verksemda, ut over å frigjera likviditet. Salet skilde seg såleis ikkje monaleg frå andre avgiftsfrie eigedomssal. Det at eigedomen hadde vore ein innsatsfaktor i den avgiftspliktige verksemda til selskapet, gav ikkje den tilstrekkelege nære og naturlege tilknytinga til avgiftspliktig verksemd som lova krev for frådragsrett.

Dei fire andre vedtaka gjaldt inngåande avgift for kjøp av tenester knytte til sal av eigedomar som hadde vore nytta i friviljug registrert utleigeverksemd. I desse fire sakene var faste eigedomar selde i samband med avvikling av utleigeverksemdene. Kjøpet av rådgjevingstenester kunne i ein slik situasjon ikkje reknast for å ha tilstrekkeleg nær og naturleg tilknyting til den avgiftspliktige utleigeverksemda.

Dommen gjev bidrag til forståinga av omgrepet «til bruk i den registrerte virksomheten», jf. meirverdiavgiftslova § 8-1.

Les heile avgjerda her

Til toppen