Formannskapsmedlemer kan vera meddommarar

Høgsteretts dom 29. november 2021, HR-2021-2342-A, (sak nr. 21-114979STR-HRET), straffesak, anke over dom.

A (advokat Øystein Ola Storrvik) mot Påtalemakta (statsadvokat Inger Myklebust)

Dommarar: Falkanger, Bergsjø, Bergh, Høgetveit Berg, Steinsvik

Saka gjaldt spørsmålet om lagmannsrettens dom i ei straffesak måtte opphevast fordi ein av meddommarane var medlem av formannskapet i ein kommune.

Høgsterett kom samrøystes til at det ikkje er grunnlag for at formannskapsmedlemer som folkevalde ombodsmenn skal reknast som kommunale tenestemenn etter domstollova § 71 nr. 9. Formannskapsmedlemer kan difor vera meddommarar.

Lagmannsretten var lovleg samansett. Anken over sakshandsaminga vart difor forkasta.

Dommen avklarar innhaldet i domstollova § 71 nr. 9.

Les heile dommen her

Til toppen