Besøk og omvising i Høgsteretts Hus

Denne veka har vi opna opp for litt større grupper på besøk i Høgsteretts Hus. Vi har teke imot Sjefskurset til Forsvarets høgskole, aspirantane i Utanriksdepartementet og ein delegasjon frå Litauen.

På grunn av koronapandemien har det i lang tid ikkje vore mogeleg for større grupper å besøkje Høgsteretts Hus, men no kan vi igjen gje fysiske føredrag og omvisingar.

Alle som skal til Høgsteretts Hus, må følgje vanlege smittevernreglar.

Besøk frå Sjefskurset, UD og Litauen

Deltakarar på Sjefskurset til Forsvarets høgskole fekk måndag høyre dommarane Kristin Normann og Arne Ringnes fortelje om domstolen og aktuelle saker. I tillegg gav assisterande direktør Christopher Haugli Sørensen ei orientering om domstolane i beredskap og kriser. Bilete frå besøket kan du sjå her.

UDs aspirantar fekk tysdag særleg høyre om Høgsteretts internasjonale kontaktpunkt og om dialogen med internasjonale og utanlandske domstolar.

Torsdag tok vi imot ein delegasjon frå domstolsrådet og domstolsadministrasjonen i Litauen.

Rettsmøta er opne

Ankeforhandlingane i Høgsterett går i all hovudsak for opne dører.

Ein treng ikkje å melde seg på førehand for å følgje rettsmøta. Ei liste over komande rettsmøte finn du på heimesida til Høgsterett.

Har du spørsmål?  Ta kontakt med info@hoyesterett.no

 

Til toppen