Fylkestur til Hordaland

Foto: Høgsterett

Sidan Høgsterett har heile Noreg som rettskrins, gjestar Høgsterett kvart år eit av landets fylke. Føremålet er å møte menneske og institusjonar landet rundt og samle kunnskap om regionale tilhøve innanfor offentleg og privat sektor.

Høgsterett vitja i år det geografiske området Hordaland i Vestland fylke. Statsforvaltaren i Vestland hadde sett saman programmet.

Måndag 20. september:

* Bekkjarvik og fiskeindustrien med omvising på ein moderne fiskebåt v/ordførar Morten Storebø i Austevoll og fiskebåtreiar Inge Halstensen

* Aquakultur og omvising på Havforskningsinstituttet i Sauganeset

* Orientering v/ordførar Hans Erik Ringkjøb i Voss om FNs berekraftsmål og Voss som ekstremsportkommune

* Orientering v/ordførar Torgeir Ness i Kvam om kommunen og koronahandteringa

* Omvising på Spildegarden i Øystese 

Tysdag 21. september:

* Omvising på Fjellstrand båtbyggjeri med orientering om verdas fyrste elektriske snøggbåt i rutetrafikk

* Vitjing på Bjørnefjorden gründerpark med orientering v/ordførar Trine Lindborg i Bjørnafjorden

* Orientering v/ordfører Tom Georg Indrevik i Øygarden om kommunen og næringsarbeid

* Vitjing på Energiparken i Øygarden med orientering om CO2-fangst og Northern Lights-prosjektet

* Orientering v/varaordførar Rune Bakervik i Bergen 

Onsdag 22. september:

* Orientering i Gulating lagmannsrett v/førstelagmann Magni Elsheim

* Orientering v/Bergen Næringsråd om bl.a. grøn næring og vekst

* Orientering og omvising på KODE v/direktør for samling og utstillingar Line Daatland

Til toppen