Lihkku beivviin! Vuorbbe biejvijn! Læhkoeh biejjine!

Foto: Eilif Aslaksen / NRK

6. februar, blir samanes nasjonaldag markert i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Dagen blir feira til minne om det første samiske landsmøtet – i Trondheim – som opna 6. februar 1917. Dagen har sidan 2003 vore offisiell flaggdag i Noreg.

Høgsterett har gjennom åra sagt ei rekkje dommar som gjeld samiske tilhøve. For 20 år sidan  – i 2001 – sa Høgsterett plenumsdom i Selbu-saka (Rt. 2001 s. 769) og dom i Svartskog-saka (Rt. 2001 s. 1229). I Selbu-dommen kom Høgsterett til at to reinebeitedistrikt hadde beiterett ikkje berre i statsallmenningen, men også i privateigd utmark innanfor grensene til reinebeitedistrikta. I Svartskog-dommen kom Høgsterett til at grunneigarar i Manndalen i Kåfjord hadde tileigna seg eigedomsretten til eit utmarksområde kollektivt gjennom alders tids bruk. Dommane bygde på synsmåtar som innebar at samisk bruk og samiske sedvanar vart tillagde større vekt enn tidlegare.

I samband med 100-årsjubileet for det første samiske landsmøtet heldt høgsterettsdommar Arnfinn Bårdsen i 2017 føredraget «Samerettslige spørsmål i Høyesteretts praksis»

Til toppen