Koronaviruset – informasjon før oppmøte

Møre og Romsdal tingrett tilpassar all aktivitet i forhold til gjeldande sentrale føringar i nasjonale retningslinjer om smittevern. Oppdatert informasjon om nasjonale retningsliner finner du her.

I tråd med strenge smittevernreglar mot Covid-19, kan du ikkje møte opp i tingretten sine lokale dersom du har teikn til forkjøling, hoste, feber eller du er i karantene. 
Det er viktig at retten snarast råd vert varsla ved aktuelle smittevernspørsmål. Vi
vil i det lengste forsøke å finne gode løysingar slik at sakene i størst muleg grad kan gjennomførast ved hjelp av tiltak. Dersom vi skal klare å minimalisere smittefaren gjennom oppmøte i tingretten, er det avgjerande at alle også er nøye med å følgje generelle råd om god hygiene og avstand til andre.

For dei fleste saker legg vi opp til heilt eller delvis oppmøte.  Nokre saker vert også gjennomført fullt ut digitalt. Før du skal møte i sak, vil du få nermare beskjed om det skal vere oppmøte eller om møtet skjer digitalt.

Informasjon om oppkobling til domstolane sin videoløysing finner du her

Ansvarleg dommar på saka vurderer om det er praktisk muleg å ta imot publikum.

Ved eventuelle brot på retningslinjene, må dommaren vurdere om saken kan fortsette eller ikkje.

Registrering av besøksande
For å tilrettelegg for muleg sporing av smitte som følge av Covid-19, har nokre av rettsstadane lagt opp til registrering  med QR-kode (dette kan ein enkelt gjere ved bruk av kamera på mobiltelefonen) eller ved SMS. Ta kontakt med tingretten dersom du har behov for rettleiing.

Kontaktinformasjon

Post: Møre og Romsdal tingrett, postboks 1353, Sentrum 6001 Ålesund
E-post: more.og.romsdal.tingrett@domstol.no
Telefon 70 33 47 00

Til toppen