Tinghuset i Kviteseid

Tinghuset i Kviteseid er ett av tre rettssteder i Telemark tingrett.
Rettssted Kviteseid har rettskrets for kommunene Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Tokke, Seljord, Vinje.

Dei dømmande oppgåvene er i hovudsak å avgjere straffesaker og å løyse privatrettslege tvistar. Forvaltnings- og registreringsoppgåvene er blant anna dødsfallsregistrering, å skrive ut skifteattest og notarialforretninger. 

Tinghuset i Kviteseid har besøksadresse: Statens Hus, Kviteseidgata 13, 3850 Kviteseid.
Samme bygg som Jordskifteretten og kommunehuset i Kviteseid.

 

Historikk

Vest-Telemark Sorenskriveri, senere Vest-Telemark tingrett og fra 26.04.2021 rettssted Kviteseid som del av Telemark tingrett, har sine røter i kongebrev frå 31. juli 1591. Her gav kong Christian IV lensherrane i Noreg rett til å tilsetja eidsvorne skrivarar til hjelp for dei norske bondedomstolane/bygdetinga.

Som namnet tyder, var dei fyrste sorenskrivarane sekretærar for bygdetinget. Seinare har sorenskrivaren blitt dommar og embetsleiar for eit domssokn. 

I øvre Telemark var det fram til om lag 1714 eigne sorenskrivarar for det vestfjelske og det austfjelske. Hans Olssen var sorenskrivar i Øvre Telemarken Vestenfjeldske Sorenskriveri frå 1595 til 1606 samstundes med Mats Hansen, som var sorenskrivar i Øvre Telemarken Østenfjeldske Sorenskriveri frå 1594 til 1607. I ei anordning frå august 1714, vart det austfjelske området delt mellom sorenskrivar Paus i det vestfjelske og sorenskrivar Hansen i Nedre Telemark Sorenskriveri. Øvre Telemarken Sorenskriveri omfatta etter dette Fyresdal, Nissedal, Mo, Lårdal, Rauland, Kviteseid og Seljord. 

Løna for sorenskrivaren skulle dekkjast av bøndene gjennom eit fast årleg beløp frå kvar gard i tinglaget. I tillegg kom gebyr for kvar embetsforretning som sorenskrivaren utførde, kalla sportlar. Etter kvart fekk sorenskrivarane eigen gard frå kongen eller dei kjøpte seg gard.  Sorenskrivargarden var friteken frå skatt og skyssplikt. 

Sorenskrivaren i det austfjelske budde i Seljord. Garden Håtveit i Lårdal var sorenskrivargard i det vestfjelske fram til 1723. Den siste sorenskrivaren som budde der, var Cornelius Povelssen Paus. Brorson hans, Peder Hanssen Paus, blei sorenskrivar i Øvre Telemarken Sorenskriveri frå 1723 og han budde på Nordigard Midtsund i Kviteseid.  Etter den tid hadde sorenskrivaren tilhald - på ulike gardar - i Kviteseid. 

I 1832 vart det endringar i rettskrinsen og namnebytte frå Øvre Telemarken Sorenskriveri til Øvre Telemark Vestfjeldske Sorenskriveri. I 1858 blei garden Skipsted i Kviteseid kjøpt av Opplysningsvesenets fond og innreidd til kontor og bustad for sorenskrivaren.  Rettskrinsen blei noko endra og embetet blei omdøypt til Vest-Telemark Sorenskriveri i 1920 og til Vest-Telemark tingrett i 2002. I 1980 flytte sorenskrivarkontoret frå garden Skipsted til nye lokale i kommunehuset i Kviteseid. 

I samband med strukturendringar i norsk rettsvesen, vedtok Stortinget i 2001 at talet på fyrsteinstansdomstolar skulle reduserast frå 92 til 66 ved samanslåingar. Vest-Telemark tingrett vart oppretthalden og rettskrinsen omfattar frå 01.01.2007 dei seks kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje. Tinglysing av rettsstiftingar i faste eigedomar, så som heimelsovergangar og pantsetjingar, var ei tradisjonelt viktig oppgåve for sorenskrivarkontoret. Denne oppgåva er no sentralisert til Statens kartverk for heile landet og arbeidet med tinglysing blei avslutta i Vest-Telemark tingrett i juni 2006. Hovudoppgåvene til domstolen er etter dette i samband med behandling av sivile tvistesaker, straffesaker, tvangssaker og skifte. 

Frå hausten 2008 har Vest-Telemark tingrett flytt inn i nyinnreidde kontorlokale i kommunehuset i Kviteseid. Tingretten har fått felles resepsjon og enkelte andre fellesfunksjonar med Øvre Telemark jordskifterett i lokale som er godt tilpassa drifta i dei to domstolane.


Kjelder
”Øvre Telemarkens historie i det 17de aarhundre” av J. L. Qvisling (1906)
”For rett og rettferdighet i 400 år – Sorenskriverne i Norge 1591 – 1991”.

 

Til toppen