Ledig stilling

Sunnmøre jordskifterett har ledig dommarstilling. Kontakt jordskifterettleiar Asbjørn Rogne for meir info. Frå 14. juni får domstolen nytt namn: Møre og Romsdal jordskifterett.

Link til "jobbnorge":
https://www.jobbnorge.no/nn-no/ledige-stillingar/stilling/203028/vil-du-bli-jordskiftedommar-ved-moere-og-romsdal-jordskifterett

Er du glad i natur og friluftsliv? Ørsta ligg i hjartet av Sunnmørsalpane. Bygda har gode og varierte tilbod innan næringsliv og fritidsaktivitetar. Ørsta har den største idrettshallen mellom Bergen og Trondheim, og skal no bygge ny vidaregåande skule med kulturhus. Her er flyplass rett ved sentrum, og bussruter til dei største byane. I nabobygda Volda er det sjukehus og høgskule.

Jordskifteretten har stor sakstilgang. Som jordskiftedommar får du ein variert kvardag i eit godt arbeidsmiljø. 

Søknadsfrist er 3. mai.

 

 

 

 

Til toppen