Om Sunnmøre jordskifterett

Sunnmøre jordskifterett er ein av landets 34 jordskifterettar. Domstolen består av tre dommarar, tre ingeniørar og ein saksbehandlar.

Ekspedisjonstid: Domstolen har igjen stengt dør, grunna pandemien. Ta heller kontakt med oss på telefon eller e-post.

Telefonnummer: 70333240. Telefontid kvardag kl. 09:00 - 15:00.

Besøksadresse: 3. etasje i Strandgata 5A, Ørsta.

Sunnmøre jordskifterett sitt jordskiftesokn omfatter kommunene Ålesund (komm.nr. 1507), Vanylven (1511), Sande (1514), Herøy (1515), Ulstein (1516), Hareid (1517), Ørsta (1520), Stranda (1525), Sykkylven (1528), Sula (1531), Giske (1532), Volda (1577), Fjord (1578).

Sakshandsamingstid hjå jordskifteretten:

Sunnmøre jordskifterett har hatt sterkt redusert dommarkapasitet i fleire år. Dette er no i ferd med å rette seg, men forventa sakshandsamingstid er framleis opp mot 3 år.

I enkelte saker kan rettsmekling vere ei god løysing. Det er mykje kortare ventetid på mekling. Ta kontakt med domstolen om du vil vite meir om mekling.

Til toppen