Minneord om Hans Sevatdal

For alle oss som er tilsette i jordskiftedomstolane, var det med stor sorg vi tok i mot meldinga om at professor em. Hans Sevatdal gjekk bort den 12. september,  75 år gamal. Alle hadde vi eit forhold til Hans, og vi vert triste ved tanken på at han no er borte.


Hans Sevatdal har heilt sidan 1966 vore tilsett ved Norges landbrukshøgskole, no Norges miljø- og biovitenskapelige universitet. Han vart dr.scient i 1972 og professor i jordskifte i 1980. Han har særleg arbeidd med eigedomshistorie, eigedomsteori og jordskifte, og har publisert arbeida sine nasjonalt og internasjonalt. Han hadde og eit omfattande internasjonalt kontaktnett, som han villig stilte til disposisjon for oss andre når vi ville vitje andre nasjonar og sjå korleis dei hadde løyst sine jordskiftefaglege utfordringar.

Hans Sevatdal har vore sentral i utviklinga av jordskiftelovgjevinga. Han var mellom anna sekretær for utvalet for dagens jordskiftelov, medlem av arbeidsgruppa som vurderte jordskifteretten sine framtidige arbeidsoppgåver og medlem i referansegruppa for den nye jordskiftelova som trer i kraft 1.1.2016. Han var og medlem av delingslovutvalet, som førte fram til matrikkellova av 2005.

Dei aller fleste jordskiftedommarane som praktiserer yrket i dag, har hatt Hans Sevatdal som sin læremeister. Han har og rettleia svært mange av dei studentane som tok master- og doktorgradstema i jordskifte. I denne rolla var han heilt unik. Han kom med kreative idear, og støtta kvar enkelt på ein god og omsorgsfull måte.

Ingeniørane og sakshandsamarane i jordskiftedomstolane møtte han ofte som forelesar. Han var alltid engasjert og klarte å inspirere oss andre. Han var opptatt av kvar enkelt, hugsa namnet på alle og var interessert i å høyre korleis det gjekk. Ikkje minst ville han høyre om interessante faglege utfordringar. Han tok med seg studentar på feltkurs til jordskiftedomstolar rundt omkring i heile landet. For Hans var det viktig at studentane fekk bryne seg på aktuelle problemstillingar og at dei fekk møte aktørane i sakene.

Det er fem år sidan Hans gjekk av med pensjon. Han var framleis ein svært populær forelesar, og for oss var det eit høgdepunkt kvar gong vi fekk treffe han og høyre han. Hans Sevatdal arbeidde dei siste åra med ei lærebok i eigedomshistorie. Han såg fram til å ferdigstille boka, og vi såg fram til å lese den.

Når det triste bodskapet nådde ut, skreiv studentane på Ås "en kjempe er død". Det kan ikkje seiast betre. Vi er takksame for alt Hans Sevatdal har gjort for kvar enkelt av oss, og alt han gjorde for jordskiftedomstolane.

På vegne av jordskiftedomstolene og Domstoladministrasjonen

Solveig Moen Avdelingsdirektør

Til toppen