Mortifikasjon

Mortifikasjon er ei ugyldigheitserklæring, som går ut på at eit bestemt dokument blir kjent ugyldig, det vil seie at det for ettertida ikkje skal ha den verknaden som innhaldet tilseier. Mortifikasjon kan skje både i kreditors og skuldnar si interesse.

Mortifikasjonssaker avgjerast i Brønnøy tingrett

Alle saker om mortifikasjon av dokument blir behandla av Brønnøy tingrett. Det er bestemt gjennom ei endring av mortifikasjonslova. Tidlegare var reglane noko ulike alt etter type dokument. Dokument knytte til fast eigedom vart behandla ved den tingretten der eigedomen låg, medan dokument tinglyste i Lausøyreregisteret, Skipsregisteret og så bortetter vart behandla der registeret låg. Saker om mortifikasjon av tinglyste dokument er i hovudregel reine dokumentsaker der partane ikkje treng å møte i domstolen.

Lenkje til Brønnøy tingrett


Meir om kva mortifikasjon går ut på

Mortifikasjon er ei ugyldigheitserklæring, som går ut på at eit bestemt dokument blir kjent ugyldig, det vil seie at det for ettertida ikkje skal ha den verknaden som innhaldet tilseier. Mortifikasjon kan skje i kreditors interesse.
Eit døme er at ein pantobligasjon er forsvunnen, slik at kreditor etter mortifikasjonen kan krevje oppgjer utan å presentere dokumentet. Mortifikasjon kan også skje i skuldnar si interesse. Dette kan vere aktuelt der eit innfridd dokument er kome bort, og mortifikasjon hindrar at skuldnar må betale ein gong til dersom dokumentet dukkar opp att. Mortifikasjon er aktuelt både i forhold til tinglyste dokument og dokument som ikkje er eller kan bli tinglyste.

I dei sjeldne tilfella det kjem motsegner mot at dokument blir mortifiserte, skal saka overførast til den domstolen der ho høyrer heime etter dagens regler.