Meny

Notarialforretning tyder å gje noko ei offentleg stadfesting. Det er tingretten som gjer dette, i kraft av å vere Notarius Publicus. Oslo er eit unntak, der gjer byfogdembetet dette.

Kva er ei notarialstadfesting og notarius publicus?

Ei notarialforretning inneber å gje ei offentleg stadfesting av eit dokument, ein fotostatkopi eller ei underskrift. Det er gebyr for denne tenesta. Den som utfører notarialforretninga, blir kalla notarius publicus. Denne sida gjev ei oversikt over korleis du går fram for å få ei notarialstadfesting.

Når treng eg notarialstadfesting?

Skal du bruke dokument i utlandet, vil du ofte bli beden om notarialstadfesting. Men også i andre samanhengar kan det vere nødvendig å få ei offentleg stadfesting på at eit dokument eller ei underskrift er gyldig. Som regel vil det vere ei utanlandsk styringsmakt, ei organisasjon eller eit firma som ber om at eit dokument må notarialstadfestast før dei kan bruke det. Ofte treng også eit dokument ytterlegare stadfesting i form av ei apostille får Fylkesmannen, eller ei legalisering gjennom Utanriksdepartementet, alt etter kva land dokumentet skal brukast i. 

Kven utfører notarialforretningar (Notarius publicus)?

Tingrettane foretar notarialforretning. I Oslo er det derimot byfogdembetet. Også lensmenn kan foreta notarialforretningar, men dette er i hovudsak avgrensa til å stadfeste rett underskrift, rett kopi og å utferde leveattestar.  Dessutan kan notarialforretningar utførast av utanrikstenesta, Sysselmannen på Svalbard og politimeisteren i Aust-Finnmark.
Direktøren for Registereininga i Brønnøysund kan notarialstadfeste utskrifter frå Brønnøysundregisteret, og rett kopi av dokument i arkivet til Brønnøysundregistra.

Korleis går eg fram?

Når du blir beden om å notarialstadfeste eit dokument, tar du med deg dokumentet til tingretten/byfogdembetet og forklarer kva du ynskjer stadfest. Du vil då få vite kva type dokumentasjon eller legitimasjon du må leggje fram. Du kan også lese meir om dette under.

Kva kan notarialstadfestast?

Notarius publicus kan gje ulike typar notarialstadfestingar avhengig av kva slags dokument det gjeld, og kva som blir lagt fram av dokumentasjon.

Dei vanlegaste formene for notarialstadfestingar:

  • Stadfesting av underskrift
    Dette inneber at notarius publicus stadfester signaturen til den som har underteikna dokumentet. Dette blir gjort etter personleg frammøte og framvising av legitimasjon. Så signerer du dokumentet på staden. Som legitimasjon godtek ein pass, bankkort og førarkort av ny type. Denne typen stadfesting kan vere aktuell på fullmakter til representantar i utlandet, fullmakter og skøyte so gjeld kjøp og sal av eigedom i utlandet, dokument i samband med adopsjon av utanlandske barn eller dokument som gjeld arv frå utlandet.

  • Stadfesting av underskrift og signaturrett i firma
    Dette inneber at notarius publicus stadfester signaturen til den som har signert dokumentet.  Dette blir gjort ved personleg frammøte og framvising av legitimasjon og firmaattest frå Brønnøysundregisteret. Firmaattesten skal vere original, og normalt ikkje eldre enn tre månader. Det kan til dømes vere forretningsavtalar, fullmakter eller patentsøknader som kan trenge ei slik stadfesting.

  • Forsikring på ære og samvit
    Dett blir brukt når ein framfor notarius publicus skal forsikre at det som står i dokumentet er korrekt. Det vil gå fram av ordlyden i dokumentet at slik type stadfesting er ynskt (til dømes sworn before me eller I solemny declare). Dette er mest aktuelt på dokument til USA og Canada. Du må møte personleg og vise legitimasjon.

  • Stadfesting av rett kopi eller originaldokument
    Dette er ei stadfesting der notarius publicus stadfester at dokumentet er originalt eller rett kopi av eit originaldokument. Dette er aktuelt for dokument som skal brukast for utanlandske styresmakter. Det må godtgjerast kva for eit føremål kopiane skal brukast til. Kopiering av attestar og vitnemål for skule- eller jobbsøknader til bruk i Noreg blir ikkje stadfest hjå notarius publicus. Denne typen kopiar må heller attesterast av den eller dei som har utferda dokumentet (skule/arbeidsgjevar) eller eit kopieringsbyrå. Utanlandske dokument blir ikkje stadfeste.
  • Leveattest
    Dette er ei stadfesting hvor notarius publicus stadfester at du lever. Ein slik attest kan gjevast i samband med utbetaling av pensjon frå utlandet. Du må møte personleg hjå notarius publicus og vise gyldig legitimasjon. Ta med det aktuelle dokumentet.

  • Vekselprotestar
    Dette blir utført av notarius publicus når vekselinnehavaren vil sikre bevis for at vekselen i tide er førevist til aksept eller til betaling.

Kva kostar det?

Det kostar 282,- for ein notarialattest (gebyret skal vere 0,25 av eit rettsgebyr. Eitt rettsgebyr er på 1130 kroner).

Den som skal ha stadfest mange utskrifter, må betale for kvar enkelt, dersom ikkje mottakarlandet aksepterer éin attest for alt frå ei innhaldsliste. Nokre land gjer dette.

Gebyret skal betalast på forskot. Alle blir oppfordra til å betale med bankkort. Både debetkort og kredittkort (Visa og Mastercard) kan brukes.

Sida vart sist oppdatert: 02.01.2018, kl. 12:21