Domstoladministrasjonen

Domstoladministrasjonen (DA) er det administrative overbygget for domstolane, det vil seie Høgsterett, seks lagmannsrettar og 63 tingrettar (inkludert Oslo byfogdembete) og 34 jordskifterettar. DA held til i Trondheim og har omlag 90 tilsette.

Kva er Domstoladministrasjonen?

Som sentral administrasjon for domstolane skal DA medverke til at domstolane er best mogeleg i stand til å handtere dei utfordringane dei møter. Dette omfattar mellom anna å leggje forholda til rette for forsvarleg og effektiv avvikling av rettssaker. DA sitt ansvar overfor domstolane omfattar mellom anna økonomi, organisasjonsutvikling, kompetansetiltak, drift og utvikling av datasystem og kommunikasjonsarbeid. DA har både ein styrings- og ein støttefunksjon. DA har òg overordna arbeidsgivarfunksjon for domstolane og jordskiftedomstolane. DA arbeider for å styrkje tilliten til domstolane i samfunnet.

Kvifor ein egen Domstoladministrasjon?

I ein rettsstat skal domstolane ikkje stå under politisk styring eller kontroll i si dømmande verksemd. Maktfordelinga mellom Stortinget, Regjeringa og domstolane er sentral i norsk statsforfatning. Uavhengighetskravet er knytt til domstolane sin dømmande verksemd. For ytterlegare å sikre uavhengige domstolar mot den utøvande og den lovgivande makta, ble òg sjølve administrasjonen av domstolene lagt til ein uavhengig organisasjon i 2002.

Habilitetsspørsmålet i stadig fleire sivile saker hvor staten er part, er ein viktig grunn til at uavhengigheita må vere synleg utad. Ein omfattande og detaljert styring av domstolane bør likeså ligge utanfor departementet (den utøvande makt). Ein uavhengig domstoladministrasjon er også i tråd med den internasjonale utviklinga.


Fakta om Domstoladministrasjonen (nynorsk) pdf