Sekretriatsfunksjonar

Denne sida gir ei oversikt over DAs sekretariatsfunsjonar.

Sekretariat for Tilsynsutvalet for dommarar (TU)

Tilsynsutvalet for dommarar er ei klage- og disiplinærordning for dommarar i jordskifterettane, tingrettane, lagmannsrattene og Høgsterett. Domstoladministrasjonen er sekretariat for Tilsynsutvalet.

Sekretariatet har ikkje vedtaksmyndighet. Sekretariatet skriv utkast til vedtak i klagesaker som kan avvisast. Eit vedtak blir gjort av eit samla utval (fem medlemmer) eller av enkeltmedlemmer etter delegert myndigheit. Klagesaker som blir realitetsbehandla i utvalsmøter behandlast av det samla utvalet. I disse sakene førebur sekretariatet eit utkast ved å gje ei samanfatning av partane sine utsegn. Eit av utvalsmedlemmane utarbeider utkast til begrunnelse. Sekretariatet deltek ikkje i saksførebuinga om DA er klagar eller på anna måte er involvert i saka.

Sekretariatet hjelper utvalget ved utgreiing av generelle spørsmål.

Gå til Tilsynsutvalget for dommarar sin nettstad.

Sekretariat for Innstillingsrådet for dommarar (IR)

DAs direktør (eller den han gir fullmakt til) har i henhald til domstolloven § 55a møterett i Innstillingsrådet. DA deltek som følgje av dette i rådets møter og intervju for å ivareta DAs synspunkt, samt gje faglege innspel i Innstillingsrådets diskusjonar og vurderingar. DAs arbeidsgjevarrolle blir også følgd opp i på denne måten. DA er dessuten kontaktpunkt mellom Innstillingsrådet og Justisdepartementet.

DA har i tillegg til rolla som følgjer av domstollova også ansvaret for sekretariatet til Innstillingsrådet.  Rettseininga er fagleg ansvarleg for sekretariatets arbeid, mens enhet for Organisasjon og personal gjer hoveddelen av sekretariatsarbeidet. Sekretariatets arbeid gjeld i hovedsak til kunngjering av ledige dommerstillingar, konstitusjonar, søkaradministrasjon, samt tilrettelegging for Innstillingsrådets møte og intervju.

Sjå meir på nettstaden til Innstillingsrådet for dommarar.