Meny

Det er mange ting som skal ordnast etter eit dødsfall. Domstolane kan gi deg veiledning om korleis du skal gå fram. På desse sidane finn du informasjon rundt arv og testamente.

På desse sidene kan du få svar på mellom anna desse spørsmåla:

Korleis melder eg eit dødsfall?
Kven er arvingar?
Er eg arving etter arvelova?
Offentleg eller privat skifte?
Kvifor treng eg skifteattest?
Har eg rett på minstearv som gjenlevande ektefelle?
Kven har rett til å sitje i uskifte?

Relevante skjema vedrørande arv og skifte finn du på regjeringen.no.

Korleis melder eg eit dødsfall?

Når nokon døyr bør den som er nærmaste pårørande straks ta kontakt med eit gravferdsbyrå. I tillegg til sjølve gravferda er det mange praktiske ting som skal ordnast. Mellom anna skal dødsfallet meldast til tingretten i det distriktet der den avlidne budde.

I regelen vil gravferdsbyrået, etter avtale, ordne med dette. Men som nær slektning eller ektemake kan du også sjølv melde frå om dødsfallet direkte til tingretten. Tingretten kan gi deg vidare rettleiing, mellom anna om korleis du kan gjere opp dødsbuet etter den avlidne.

Møte med tingretten

Det kan høve med eit møte med tingretten, slik at de kan diskutere kva som vidare skal skje med den døde sine eigendelar og formue. På møtet kan de mellom anna verta spurt om den døde sine familieforhold, eigendelar, gjeld og testamente. Du bør ta med deg den døde sitt testamente, eventuell ektepakt og dokumentasjon som viser hans/hennar gjeld og eigendelar.

Arvingane må så ta stilling til korleis boet skal skiftast, det vil sei kven som skal fordele arven blant arvingane. Det er fleire former for skifte. Det aller vanligaste er privat skifte, det vil sei at arvingane vert samde seg i mellom kven som skal arve kva. Derfor er det viktig å fastslå kven som er dei faktiske arvingane.

Offentleg eller privat skifte?

Arvingane avgjer i fellesskap korleis buet skal skiftast, det vil seie kven som skal fordele arva etter avdøde mellom arvingane. Det er fleire former for skifte men reglane for skifte er i det alt vesentlege dei same uansett måten skiftet blir gjennomført på.

Det mest vanlege er privat skifte, det vil seie at arvingane blir samde seg i mellom korleis eigedom og kapital skal fordelast. Derfor er det viktig å fastslå kven som er dei faktiske arvingane. Dersom arvingane skal gjennomføre eit privat skifte, skriv retten ut ein skifteattest. Denne attesten vil gi arvingane råderett over den avlidne sin eigedom.

Dersom arvingane ikkje ønskjer å ta på seg ansvaret med å fordele den avlidne sin formue og eigedom, kan tingretten gjennomføre eit offentleg skifte. Tingretten vil då skaffe seg oversikt over den avlidne sin formue og eigedom og registrere desse. Som regel vil kontakten med arvingane oppretthaldast gjennom skiftesamlingar som blir leia av ein bustyrar som blir oppnemnt av tingretten. I desse samlingane vil ein gjere dei fleste vedtak i samband med bubehandlinga. Når alle spørsmål er avklara vil tingretten avslutte det offentlege skiftet med ei utlodding (fordeling).

Arveavgiften er fjernet

Arveavgiften ble fjerna i 2014, men må i nokre tilfelle framleis betales. Sjå http://www.skatteetaten.no/no/Person/Selvangivelse/tema-og-fradrag/gave/Arv/

Sida vart sist oppdatert: 02.01.2018, kl. 12:24