Oppbevaring av testament

Her finn du informasjon om korleis du på ein sikker måte bør sikra eit testament.

I Noreg er det ingen krav til kor eit testament skal oppbevarast, derfor varierer det også korleis det blir gjort. Det vanlege er å oppbevara testamentet heime, i ein bankboks, hos ein slektning, hos ein advokat eller hos tingretten. Den sikraste oppbevaringsmåten er å levera testementet til tingretten. Da sikrar du deg både mot at det blir endra, at det blir halde tilbake, eller at ingen er merksam på dokumentet den dagen arven skal fordelast. 

Testamentet kan leverast din lokale tingrett

Alle kan levere inn eit testament til tingretten i distriktet der dei bur I Oslo er det Oslo byfutembete som oppbevarer testament ikkje Oslo tingrett. Ved innleveringa må du vise legitimasjon. Viss du leverer eit testament til oppbevaring på vegne av andre, må testatoren (den som har oppretta testamentet) gje deg eit underskrive brev eller fullmakt. Det gjeld også ved gjensidige testament. Same krav til legitimasjon og fullmakt gjeld også ved utlevering av testament.

Kva kostar det?

Oppbevaring av testament kostar 904 kroner. Dette kan du anten betale med kort i domstolen eller be om å få faktura tilsendt.