Separasjon og skilsmisse

Ved ein separasjon eller skilsmisse skal ektefeller eller registrerte partnarar dele det som kalles felleseie. Hvis dei ikkje blir einige om delinga, kan dei be om (begjære) offentleg skifte i en domstol. Da vil retten avgjere det partane ikkje har blitt einige om. På denne sida finner du meir informasjon om dette.

Utgangspunkt for delinga

Korleis skal formue delast når to skal separerast eller skilje seg? Ektemakar, eller registrerte partnarar, har vanlegvis formue som skal delast ved skilsmisse eller separasjon. Det kan imidlertid avtalast særskilt ved ektepakt før eller under ekteskapet at deling ikkje skal skje. Gåve/arv frå andre enn ektefellen er normalt særeige, og kan krevjast haldt utanfor delinga.

Skjæringstidspunktet avgjerande

Hovudregelen er at kvar av ektefellene først kan trekke frå midlar til å dekke den gjelda som kvar av dei måtte ha, og deretter skal kvar av ektefellene ha halvdelen av kvarandre sin formue. Tidspunktet for berekning av aktiva og passiva blir rekna frå det såkalla skjæringstidspunktet, som vanlegvis er då ektefellene flytta frå kvarandre.

Førebuande rettsmøte

Kvar av ektefellene kan bringe buet inn for retten ved å kreve offentleg skifte. Før det blir åpna offentleg skifte kan det haldast eit såkalla førebuande rettsmøte. Til det møtet kjem partane og eventuelt advokatane deira. Svært ofte klarer dei tidlegare ektefellene då å kome fram til semje om tvistepunkta, eller ein klarer å avklare noko, og i alle fall klargjere kva ein vidare er usamd om. Det som står att av rettslege tvistar, avgjer eventuelt retten etter at det er åpna offentleg skifte i buet.

Kva for opplysningar treng retten?

Ved offentlig skifte av separasjonsbu eller skilsmissebu, har retten behov for

· namn, adresse, fødselsdato, helst fødselsnummer, for begge av ektefellene
· tidlegare felles bustad
· opplysningar om avtalar, ektepakter og anna. Det må finnast formue som skal delast
· best mogeleg oversikt over kvar av ektefellene sine aktiva og passiva på skjæringstidspunktet (Kontoutskrifter og sjølvmeldingar for året før)
· forskot av rettsgebyr, førebuande rettsmøte kostar 2 rettsgebyr (2050 kr.) 
· kopi av separasjon/skilsmissebevilling frå Fylkesmannen (eller dom)

Verdt å merke seg

Viss det allereie fins ein avtale om deling, kan det ikkje bes om eit offentlg skifte. Er partane usamd om tolking, tvangsfullbyrding og så bortetter, må dette avgjerast ved ein av partane tar ut stevning i ei sivil sak for domstolen.

Separasjon og skilsmisse - kven opphever ekteskapet

Separasjon og skilsmisse blir handsama av Fylkesmannen. Sjå www.fylkesmannen.no.