Om Gulating lagmannsrett

Foto: Sarah Lyngholm Kristiansen

Gulating lagmannsrett er den nest største ankedomstolen i Noreg. Setet er i Bergen.

Lagdømet omfattar vestlandsfylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

Domstolen behandlar anker i sivile saker og straffesaker og overskjønn.

Gulating lagmannsrett har sete i Bergen, i nytt bygg på Gulatings plass 1.

I straffesaker frå Rogaland er Stavanger rettsstad, men når det er tenleg kan lagmannsretten også setje rett andre stader.

I sivile saker er dei faste rettsstader for kvart lagsokn i sivile saker:

Hordaland, Sogn og Fjordane: Bergen, Florø og Nordfjordeid.

Rogaland: Stavanger og Haugesund.

Sivile saker vert likevel gjerne lagt til andre stader i distriktet når det er praktisk, ofte etter ønskje frå partane.

Mange av sakene i Rogaland går føre seg i Stavanger, der lagmannsretten har eigne kontor og tre rettssalar i 3. etasje i Stavanger tinghus. Det er tilsett ein kontormedarbeidar i Stavanger for mellom anna å yte betre teneste til media og andre.

Årsmeldingar: 2014 2013 2012 | 2011 | 2010 | 2009 | 2008 | 2007