Rettsmekling

Foto: Sarah Lyngholm kristiansen

I tillegg til ordinær behandling av sivile tvistemål ved ankeforhandling og dom, tilbyr Gulating lagmannsrett hjelp til å løyse tvistemål gjennom rettsmekling. Rettsmekling er ein mer uformell metode enn ordinær behandling i rettsmøte. Meklinga skjer i eit møte som ikkje er rettsmøte, og der partane får høve til å diskutera mogelege løysingar på tvisten diretke med dommaren. Fokus vert retta mot det å finna ei tenleg løysing på tvisten framover, og ikkje stridast om kven som eventuelt har rett eller ikkje i høve til det striden gjeld. Ofte går det an å finne gode ordningar som ivaretek begge partar sine behov framover, istaden for å stridast om det som har vore. 

Under meklingsmøte kan partane ha advokatane til stades som støtte, men partane har ei meir framståande rolle enn i ei ordinær rettssak der det ofte er advokatane som fører ordet. Rettsmekling er også billegare enn ordinær behandling både fordi prosessen som oftast vert kortare og fordi gebyret vert langt lågare dersom saka vert forlikt på eit tidleg stadium i prosessen. Mange som har vore gjennom rettsmekling framhever også at det er betre for partane å ha ei avtale å støtte seg på, enn at den eine parten vinn og den andre taper. Samarbeidsklima vert ofte betre og partane føler ei sterkare plikt til å oppfylle avtala.

Rettsmekling vert i dag tilbydd alle partar i sivile ankesaker og vert gjerne halde  snarast mogeleg  etter at saka er  innkomen  lagmannsretten. Rettsmekling senkar ikkje den ordinære behandlinga dersom ein ikkje skulle nå ei løysing gjennom mekling.