Digitale reiserekningar for rettens aktørar

Foto: Sarah Lyngholm Kristiansen

Frå 1. april 2019 vert det obligatorisk å senda reiserekningar og krav om tapt arbeidsforteneste elektronisk gjennom sjølvbetjeningsportalen «Betal meg».

Papirutgåver sendt DFØ etter 1. april vert avvist

Tenesta «Betal meg» vert levert av Direktoratet for økonomistyring (DFØ). For å ta i bruk løysinga må Gulating lagmannsrett gje deg tilgang.

Tilgang kan du ordna før saka startar. Send mail med saksnummer, e-postadresse og kontonummer til gulating.selvbetjeningsportal@domstol.no.

Du kan levera reiserekning og honorarskjema i app eller på PC/MAC. Appen finst for iOS og Android, og kan hentast i APP Store eller Google Play.

Første gong loggar du deg inn via ID-porten. Du kan bruka MinID, BankID, BankID på mobil, Buypass og Commfides for å logga deg inn.

For spørsmål vedrørande appen eller innlevering på PC, kontakt DFØs kundesenter på telefon 400 18 659 eller via epost lonn@dfo.no.

For saksrelaterte spørsmål send mail til selvbetjeningsportal.gulating@domstol.no, eller ring 55 69 39 80.

Har du problem med innlogging gjennom ID-porten, må du kontakta Difi.

For meir info: https://dfo.no.kundesider/reiseregning/reiseregning-for-honorarmottakere