Meny

Fri rettshjelp er ei offentleg støtteordning med føremål å sikre nødvendig juridisk bistand. Ordninga gjeld personar som ikkje sjølve har økonomiske føresetnader for å kunne vareta eit behov for rettshjelp av stor personleg og velferdsmessig verdi, sjå lov om fri rettshjelp (lovdata.no).

 

Vilkår for fri rettshjelp

Det er fleire vilkår som må oppfyllast for å få fri rettshjelp. I nokre sakstypar er det ei inntektsgrense og ei formuesgrense. Inntektsgrensa for fri rettshjelp er kr 246.000,- for einslege og kr 369.000,- for ektefellar og andre som lever saman og har felles økonomi.

Formuesgrensa for fri rettshjelp er kr 100.000,- sjå nærare forskrift om fri rettshjelp kap 1 (lovdata.no). 

Fri rettshjelp er aktuelt

  • for den vernepliktige i militærnektarsaker etter lov 19. mars 1965 nr. 3 om fritaking for militærtjeneste av overbevisningsgrunner
  • for den eit tvangstiltak rettar seg mot i saker om overprøving av administrative tvangsinngrep etter tvistelova kap. 33
  • for den private part i saker der søksmål er tilrådd av Sivilombodsmannen for ein utlending i tilfelle som nemnde i utlendingslova § 42 fyrste og fjerde ledd andre punktum eller for den som har rett til fri sakførsel etter statsborgarlova § 27 sjuande ledd andre punktum
  • til den som er kravd umyndiggjort eller som krev eit verjemål oppheva etter umyndiggjeringslova  
  • i saker etter ekteskapslova, skiftelova andre del, sjå kap. 4 eller barnelova kap. 5, 6 og 7, medrekna saker om tvangsfullbyrding og mellombels sikring.
  • i saker etter lov 4. juli 1991 nr. 45 om rett til felles bustad og innbu når husstandsfellesskap opphøyrer
  • for den skadde eller etterlatne i sak om erstatning for personskade eller tap av forsørgjar  
  • for leigetakar i sak etter husleigelova § 9-8 og tvangsfullbyrdingslova § 13-2 tredje ledd bokstav c når saka gjeld bustad som leigetakar bur i
  • for arbeidstakar i sak etter arbeidsmiljølova §§ 61-66
  • for den skadde ved søknad eller klage i sak om valdsoffererstatning.
  • i klagesaker etter folketrygdlova § 21-12

 Sjå elles lov om fri rettshjelp §§ 11 og 16 (lovdata.no)  

Sida vart sist oppdatert: 05.01.2017, kl. 14:32