Om Høgsterett

Foto: Høyesterett/Sturlason

I Grunnlova §88 heiter det at "Høyesterett dømmer i siste instans." Høgsterett er såleis den øvste domstolen i Noreg, og handsamar saker frå heile landet.

Saman med Stortinget og Regjeringa utgjer Høgsterett dei øvste statsorgana i Noreg. Gjennom Grunnlova er dei tildelt kvar si rolle i samfunnet, tredelinga mellom lovgjevande, utøvande og dømande makt. Med si dømande makt er Høgsterett heilt sjølvstendig i høve til dei andre statsorgana. Domstolane med Høgsterett i spissen kan blant anna prøva om vedtak i Regjeringa er i samsvar med lova, og om Stortingets lovgjeving er i samsvar med Grunnlova.

Noregs Høgsterett vart oppretta i 1815. Sidan den tid har talet på saker og talet på dommarar i Høgsterett naturleg nok auka mykje. Høgsterett vert i dag leia av ein justitiarius og har i tillegg 19 dommarar.

I kvar einskild sak vert retten sett med fem dommarar. Av omsyn til saksavviklinga arbeider Høgsterett i to parallelle avdelingar. I visse tilfelle vert ei sak handsama av Høgsterett i storkammer med 11 dommarar, eller i plenum, med alle dommarane til stades. 

Dommarane deltek etter ei skiftordning i begge avdelingar og i ankeutvalet.

Høgsteretts administrasjon vert leia av ein direktør. i juridisk ugreiingseining arbeider det 23 personar som har utgreiingsoppgåver, inkludert utgreiingsleiar og to nestleiarar. Juridisk ugreiingseining tilrettelegg sakene for ankeutvalet, men har også andre oppgåver for dommarane og direktøren. Frå hausten 2015 har eininga også utgreid saker for Høgsterett i avdeling, storkammer og plenum. Til dei to avdelingane i Høgsterett er det knytt to protokollsekretærar, som også er juristar. Høgsterett har i tillegg 20 andre tilsette, med ein kontorsjef som leiar. Retten har eigen informasjonsrådgivar.

Høgsterett handsamar både sivile saker og straffesaker og har kompetanse på alle rettsområde.

Alle saker som kjem inn til Høgsterett, vert først teken hand om av ankeutvalet. I tillegg til å avgjera anker over orskurd (kjennelser) og vedtak, er ankeutvalet silingsinstans i ankesaker. Ingen anke kan fremjast til Høgsterett utan at ankeutvalet samtykkjer.

Som den øvste domstolen i landet skal Høgsterett sørgja for lik rettspraksis over heile landet, og avklara rettstilstanden der den kan vera uklår. Høgsterett har også eit ansvar for rettsutviklinga, innanfor den ramma som lovgjevinga set, der nye samfunnsproblem krev det. Saker som reiser prinsipielle spørsmål utover det konkrete saksforholdet, vil derfor ofte verta handsama.

Rettsforhandlingane i Høgsterett er så å seia alltid munnlege og skjer for opne dører. Men det vert ikkje ført prov i form av parts- og vitneforklaringar, slik som i tingretten eller i lagsmannsretten. Høgsterett reiser heller ikkje ut på synfaringar.

I ankeutvalet er sakshandsaminga skriftleg, og avgjerslene vert trefte på grunnlag av dokumenta i saka. Avgjersler i Høgsterett og Høgsteretts ankeutval vert offentleggjorde i Norsk Retstidende og gjennom Lovdata. Nye avgjersler vert også lagt ut på Høyesteretts nettsider www.hoyesterett.no.