Forretningsorden for Høgsterett i storkammer

Fastsett av Høgsterett 12. desember 2007 i medhald av domstollova § 8, jf. § 7 andre ledd. Endra 17. mars 2009.

§ 1 I saker som blir behandla av Høgsterett i storkammer, jf. domstollova § 5 fjerde ledd første punktum, deltar justitiarius. Resten av dommarane blir tatt ut ved loddtrekning. Ein dommar som er ugild, skal haldast utanfor loddtrekninga. Det same gjeld ein dommar som med rimeleg grunn ber seg fritatt for å delta i saka. Avgjerd etter tredje og fjerde punktum blir tatt av justitiarius. Ein konstituert dommar deltar ikkje i loddtrekning etter første ledd eller i habilitetsavgjerd i storkammer etter § 5. Vedkommande tiltrer likevel retten dersom samansetninga av retten utan slik deltaking blir ti dommarar eller færre. Dersom det er fleire konstituerte dommarar, blir rekkefølga avgjord ved loddtrekning dei imellom.

§ 2 Justitiarius deltar og leiar retten i saker som blir behandla i storkammer. Dersom justitiarius har forfall, trer den eldste dommaren i hans eller hennar stad, jf. domstollova § 7.

§ 3 Direktøren står for loddtrekninga, og det blir trekt ut ti dommarar til å delta i storkammer. Deretter held trekninga fram, slik at resten av dommarane blir rangerte på ei reserveliste.

§ 4 Prosessfullmektigane får vite kva dommarar som ikkje har deltatt i loddtrekninga, og årsaka til det.

§ 5 Ein part vil på vanleg måte kunne reise og få prøvd ei innvending mot habiliteten til ein dommar i storkammer. Dersom det skulle bli aktuelt med ei habilitetsavgjerd i storkammer, deltar den av dommarane som etter trekninga står sist på reservelista. Dersom ein dommar som er trekt ut til å delta i storkammer, blir kjend inhabil eller får forfall av ein annan grunn, trer den dommaren som står først på reservelista, inn.