Forretningsorden for Høgsteretts ankeutval

§ 1 Justitiarius nemner opp dommarar til Høgsteretts ankeutval etter forslag frå direktøren.

§ 2 Oppnemning av dommarar til utvalet skjer for ein periode på fire–seks veker. Varigheita av perioden kan fråvikast i rettsferien eller når særlege grunnar ligg føre.

§ 3 Det blir vanlegvis nemnt opp fire dommarar til å gjere teneste i utvalet. Når arbeidsmengda eller omsynet til ei formålstenleg organisering av verksemda gjer det ønskeleg, kan justitiarius bestemme at det skal nemnast opp fleire enn fire dommarar, mellom anna at det skal nemnast opp eit eige utval til å behandle ei omfattande sak, eventuelt fleire saker som bør sjåast i samanheng. I rettsferien blir det normalt nemnt opp tre dommarar. Justitiarius er leiar av utvalet når han eller ho er medlem. Elles er den eldste dommaren leiar.

§ 4 Ved oppnemning blir det tatt omsyn til at dommarane over tid skal tenestegjere omtrent like ofte i utvalet, og til at samansetninga bør veksle.

§ 5 Fordelinga av sakene skal skje slik at det er tilfeldig kven av dommarane i utvalet som får tildelt den enkelte saka, og kven som får saka til behandling først. Leiaren av utvalet kan gjere unntak frå dette når utvalet har til behandling saker som er særleg arbeidskrevjande, eller når andre tungtvegande grunnar taler for det. Dersom det ikkje er mange nok habile dommarar i utvalet til å behandle ei sak, nemner direktøren – etter retningslinjer fastsette av justitiarius – opp så mange dommarar som nødvendig i den enkelte saka.

§ 6 Når det hastar å komme til avgjerd i ei sak og utvalet ikkje er samla, oppnemner justitiarius, eller den eldste dommaren som er tilgjengeleg for å nemne opp, eit utval til å behandle saka.