Høgsteretts Hus

Høyesteretts Hus tegnet av byggets arkitekt Hans Jacob Sparre i 1903
Høyesteretts Hus tegnet av byggets arkitekt Hans Jacob Sparre i 1903

Eidsvollfedrene ville truleg ha skoda anerkjennande over lindetrea mot Høgsteretts Hus om dei hadde kunna ta ein spasertur frå gamle  Hammersborg nedover Akersgata i våre dagar.

Truleg ville dei også vore stolte over manifestasjonen av Grunnlova §   88 i den ærverdige raude mursteinsbygningen på Høgsteretts plass.

Det blir flagga frå den gamle justisbygningen i Kristiania – og løftar ein blikket, vil også den nye etasjen i bygget komme til syne. Bak flagget er taket løfta – og sol, lys og luft gir fantastiske arbeidsplassar for den  juridiske utgreiingseininga i eit nytt og moderne kontorlandskap, heilt øvst i den øvste domstolen i   landet. 

Arkitekten bak bygget, Hans Jakob Sparre, ville utan tvil ha stemt i. Bergensarkitekten vann ikkje arkitektkonkurransen i 1896, ettersom postbåten frå Bergen var forseinka og forslaget hans   ikkje nådde fram innan fristen. Men ideen hans om ko- rleis den lange smale tarmen av ei utbyggingstomt kunne utnyttast, vann likevel gehør hos  juryen.  

I forslaget frå Sparre var byretten som første rett- sinstans plassert i  første etasje, lagmannsretten som andre rettsinstans i andre og Høgsterett i tredje etasje.  

Særleg heldig var det at Sparre i teikningane også tok høgd for ein loftsetasje. Med ei  aukande saksmengd, blei det på 1960-talet behov  for juridiske utgreiarar i Høgsterett. Behovet for fleire kontorplassar utfordra kreativiteten, og loftsetasjen kom etter kvart svært godt  med.

I 1895 løyvde Stortinget pengar til å førebu arbeidet med Justisbygningen. Bygget skulle huse alle dei tre rettsinstansane – byretten (frå 2002 tingretten), lagmannsretten og Høgsterett. Ein arkitektkonkurranse blei lyst ut, og i mars 1898 hadde det komme inn 23 forslag. Det blei delt ut tre premiar i konkurransen. Men eitt forslag kom inn etter fristen fordi det kom med båt frå Bergen. Dette forslaget, frå arkitekt Hans Jakob Sparre, var så godt at det blei valt framfor dei tre premierte forslaga. 

Hovudideen til Sparre var å dele bygningen horisontalt etter dei tre rettsinstansane. Rettssalane låg i kvar sin etasje og hadde eit verdig og monumentalt preg.

Sjølve tomta var svært lang og smal. Denne arkitektoniske utfordringa løyste Sparre på ein særs elegant måte. Han la førsteinstans, byretten, i første etasje med fasade mot Grubbegata, der også inngangen blei lagd. Lagmannsretten, som fekk den største rettssalen, plasserte Sparre i andre etasje.  Hit kunne ein komme via ein stor vestibyle og ein elegant trappehall. Rettssalen til Høgsterett låg i tredje etasje med elegant overlys og vindauge mot Akersgata, der også inngangen blei lagd.