Høgsterettsjustitiarius Toril Marie Øie

Toril Marie Øie tiltredde som høgsterettsjustitiarius i mars 2016. Ho er den 20. justitiarien i Høgsteretts 200 års historie og den første kvinna som har dette embetet.

Justitiarius Øie er fødd i Oslo i 1960. Ho tok juridisk embetseksamen ved Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo i 1986.

Frå 1986 til 2004 var ho tilsett i lovavdelinga i Justis- og politidepartementet – frå 1990 som lovrådgivar og frå 2000 som avdelingsdirektør og leiar av eininga for strafferett og prosess. Arbeidet i lovavdelinga bestod i hovudsak i å førebu lovendringar, utarbeide utgreiingar om juridiske spørsmål – ofte i form av fråsegner om lovtolkingsspørsmål – og i lovteknisk bistand til andre departement.

I perioden 1988–1990 hadde Toril Marie Øie permisjon frå lovavdelinga for å vere dommarfullmektig og seinare konstituert heradsrettsdommar og konstituert sorenskrivar ved Strømmen sorenskrivarembete.

I åra 1994–2002 hadde ho i tillegg til stillinga i lovavdelinga ei bistilling som førstelektor II ved Institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo. Her underviste ho i blant anna strafferett, straffeprosess og sivilprosess.

Toril Marie Øie tiltredde som høgsterettsdommar i august 2004.

Justitiarius Øie var styremedlem i det norske lokalstyret av De nordiske juristmøter frå 2008 til 2017. Ho har tidlegare også vore fagredaktør i Norsk lovkommentar frå 2011 til 2015 og har hatt ulike offentlege verv. Ho har skrive to lærebøker i strafferett, er medforfattar av ei kommentarutgåve til tvistelova og medredaktør av Jubileumsskrift til Høgsteretts 200-årsjubileum og Festskrift til Tore Schei. I tillegg har ho skrive ei rekke artiklar, i hovudsak om strafferettslege eller prosessuelle emne.