Ein dom blir til

Norsk Retstidende fra 1880-årene
Norsk Retstidende fra 1880-årene Foto: Høyesterett/Sturlason

Høgsterett seier årleg mellom 110 og 130 dommar og vedtak etter munnleg behandling.

Dei andre meir enn 2000 ankane over dommar, vedtak og avgjerder som Høgsterett får inn kvart år, blir avgjorde etter skriftleg behandling.

Arbeidet med dei sakene som blir behandla munnleg, følger eit fast mønster. Under kan du lese kva høgsterettsdommarane Wilhelm Matheson og Ragnhild Noer fortel om arbeidsforma.

FØREBUING TIL ANKEFORHANDLING

Kvar av dei to avdelingane i Høgsterett behandlar frå éi til tre saker per veke. Kvar måndag er sette av til førebuinga av sakene same veke.

- Før eg går i retten, har eg som mål å forstå saka vi skal dømme i. Eg prøver å få oversikt over rettsspørsmåla saka reiser.

Det er først og fremst viktig å sette seg inn i dommane i tingretten og lagmannsretten, og i anken og anketilsvaret til Høgsterett. Dessutan er det viktig å orientere seg i det rettsstoffet som er lagt fram i dei juridiske utdraga, fortel Wilhelm Matheson.

 

ANKEFORHANDLINGA

Ankeforhandlingane startar i dei fleste sakene kl. 9. Dei blir leia av ein rettsformann, som alltid er justitiarius dersom ho deltar, eller den som er eldst i ansiennitet av dommarane i saka. Advokatane argumenterer for sitt syn, og forsøker å overtyde dommarane som best dei kan. Dei munnlege ankeforhandlingane kan vere omfattande, og dei speler ei større rolle i Noreg enn i de fleste andre land. Dommarane møtest gjerne på dommarrommet 5–10 minutt før “rettstid”, som det blir kalla internt. 

- Når vi møtest, har vi ikkje drøfta saka før. Kvar dommar skal danne seg si sjølvstendige meining om tvisten på bakgrunn av det som kjem fram under ankeforhandlinga. Det er viktig at vi ikkje er samsnakka på førehand eller utviklar eit felles syn undervegs, fortel Wilhelm Matheson. Dei faste pausane våre bruker vi ikkje til å avklare posisjonar, men til å avklare problemstillingar eller diskutere om det er spørsmål som bør stillast til advokatane, skyt Ragnhild Noer inn. - Vi snakkar om mykje anna også, legg ho til. - Sakene er ofte vanskelege, så i pausane kan vi trenge å “lufte hovuda våre” og prate om heilt andre ting.

FØREBUING TIL RÅDSLAGNING

“Dette treng eg tid til å tenke nærmare over”, seier rettsformannen og henger frå seg kappa. “Ja, dette synest også eg er vanskeleg”, seier ein annan.“ Men replikken var knakande god”, seier ein tredje til sidemannen. Rettsformannen opnar døra til kontoret til protokollsekretæren og gir beskjed om tidspunktet for rådslåinga. Slik blir gjerne ein typisk rettsdag i Høgsterett avslutta.

- Tempoet i Høgsterett er høgt, fortel Matheson. - Men vi er nøydde til å jobbe på “ferske spor”, og diskuterer, eller rådslår, som vi kallar det, normalt saka dagen etter at ankeforhandlinga er ferdig.

-
Førebuing til rådslåing er eit einsamt arbeid. Vi har den same haldninga til å diskutere ei sak etter at ankeforhandlinga er avslutta, som medan ho pågår, held han fram. - Derfor blir rådslåinga mellom dommarane som ein thriller; ingen veit kva resultatet blir, før alle har presentert sitt syn!

 

RÅDSLÅINGA - GJENNOMGANGEN VED RETTSFORMANNEN

Rådslåinga går føre seg i rettssalen. Dommarane sit på dei same plassane, men kappene er bytte ut med alminnelege kontorklede. “På bakgrunn av det eg

no har sagt, er mitt syn førebels at …” Det er vanleg at rettsformannen avsluttar gjennomgangen sin slik før ordet blir gitt vidare til nest eldste dommar. 

- Det var først etter at eg kom til Høgsterett, at eg blei klar over at “førstvoterande” er domsskrivaren og ikkje den som leiar an i diskusjonen og får tilslutning eller motbør. Under rådslåinga er det rettsformannen som er i førarsetet, seier Matheson. - Ho eller han går da gjennom saka, trekker fram og diskuterer faktum og rettsstoff, og gir til slutt sitt syn på den konkrete løysinga. Gjennomgangen er eit munnleg grovutkast til dom og tar gjerne ein times tid, i større saker ofte meir. 

Og ingen bryt inn medan gjennomgangen pågår – eller medan nokon andre seinare held innlegget sitt, for den saks skuld. 


RÅDSLÅINGA - INNLEGG TIL DOMMARANE 

Etter gjennomgangen til rettsformannen blir ordet gitt til nest eldste dommar og seinare til dei andre i ansiennitetsrekke- følge. Alle tilpassar innlegga sine til kva som allereie er sagt, slik at det ikkje blir for mange gjentakingar. 

- Den som dissenterer, må sjølvsagt bygge opp sitt eige resonnement på dei punkta vedkommande er ueinig, fortel Matheson. Dei andre innlegga er grundige, men alltid vesentleg kortare enn innlegget til rettsformannen. Kunsten er å gi sitt syn på saka, ikkje på synet til dei andre dommarane, held han fram.

- Ofte blir det litt av begge delar. Dersom diskusjonen viser stor tvil om løysinga og avvikande argumentasjonsmønster hos dommarane, utviklar rådslåinga seg meir til eit kollokvium. Men alle snakkar framleis etter tur og utan å bli avbrotne, seier Matheson. - Er det grunnlag for det, vil rettsformannen søke å finne ein felles kjerne som alle kan bli einige om. Dissensar er likevel ikkje til å unngå frå tid til anna, gjennomsnittleg i om lag kvar femte sak.

- Det blir aldri lagt press på ein dommar som vil dissentere, og alle dissensar blir behandla med respekt, strekar både Noer og Matheson under.

DEN FØRSTVOTERANDE SITT ARBEID MED DOMSUTKASTET

Dommarar blir aldri handplukka, verken til den enkelte saka eller til å skrive dommen. Kven som får førstvoteringa, blir bestemt av ei fast rotasjonsordning. Men dersom den som skal skrive, hamnar i mindretal, blir rekkefølga endra. Da må ein av dommarane som tilhøyrer fleirtalet, overta jobben med å utarbeide eit utkast. Domsskrivaren leverer normalt eit utkast til dei andre dommarane i løpet av 4–6 dagar. 

Dommar Noer fortel at førstvoterande gjerne blir tatt ut av neste sak og erstatta av ein av dommarane i ankeutvalet. - Da kan skrivearbeidet komme raskt i gang. Men ein blir ikkje freda lenge, og ofte går både kveldar og ein del av helga med for å bli ferdig i tide. Til gjengjeld har vi fleire såkalla kontorveker gjennom året, der vi ikkje er sette opp på nokon saker, legg ho til. - I kontorvekene har vi større fridom til å delta på møte og konferansar.

SAMARBEIDSFASEN

Domsutkastet til førstvoterande blir kommentert av dei andre dommarane i saka heilt ned på kommanivå. Merknadene blir gitt skriftleg. Kommentarrunden endar med at førstvoterande sender ut eit revidert utkast til dei andre dommarane. 

- Arbeidsordninga vår bygger på at vi som kollegial domstol har eit felles ansvar for dommen. Derfor drar vi lasset saman det siste stykket. Eit gjennomarbeidd førsteutkast er grunnlaget for ein intens samarbeidsfase fram til domsseiinga. Alle bidrar med sine innspel og kommentarar, seier Noer. - Som førstvoterande er det likevel i utgangspunktet eg som bestemmer kva for endringsforslag av meir redaksjonell karakter frå dei andre dommarane eg vil ta inn, held ho fram. På realitet kan eg derimot bli overstemd.- Men kommentarane kjem jo frå nokon som har sett på teksten med friske auge, og forslaga er derfor stort sett forbetringar som det er lett å følge. Men vi er jo individ, og skrivestilen til førstvoterande blir respektert.
 

DOMSKONFERANSE OG VOTERING

Éi til tre veker etter at ankeforhandlinga er ferdig, er det klart for siste fase av arbeidet med dommen: domskonferanse og votering. Også dette skjer i retts- salen, med dommarane på dei same plassane, og framleis utan kappe. 

“Er det nokon som har skifta meining sidan rådslåinga?” spør rettsformannen. - Spørsmålet er alvorleg meint. Det er lov å ombestemme seg. Det hender, men vanlegvis ikkje så seint som i minutta før dommen skal seiast, seier Matheson. I domskonferansen går vi gjennom det reviderte utkastet side for side, flyttar igjen på ord, og sliper på formuleringar enda ein gong for at utsegner og rettssetningar skal bli så klare som mogleg, fortel han.

“Er vi da klare til å votere?” spør rettsformannen, som får klarsignal frå dei andre, og førstvoterande blir bedt om å lese opp den domskonklusjonen ho eller han stemmer for. Det er alltid ein alvorleg augneblink. Dei andre dommarane følger på med dei kjende formuleringane, som “i det vesentlege og i resultatet einig med førstvoterande” og “likeså” – om det ikkje også er ein dissens da. - Det heile blir stadfesta med underskriftene til dommarane. Høgsterettsdommane er til glede for nokon og til skuffelse for andre, avsluttar Noer og Matheson.