Historikk

Fra 1815 til 18921 holdt Høyesterett til i Katedralskolen i Dronningens gate 15. Bygningen er nå revet.
Fra 1815 til 1821 holdt Høyesterett til i Katedralskolen i Dronningens gate 15. Bygningen er nå revet. Foto: Ukjent/Oslo Museum

I 1814 fekk Noreg sin eigen Høgsterett. Fram til da hadde Høgsterett vore i den dansk-norske hovudstaden, København, rett nok med ein norsk høgsterettsjustitiarius frå 1799, Jakob Edvard Colbjørnsen. Bror hans, Christian Colbjørnsen, tok over i 1802 og var justitiarius til 1814.

Alt i september 1814 blei Johan Randulf Bull utnemnd til justitiarius.
Etter dette levde Høgsterett i bortimot hundre år eit omflakkande liv: Dommarane hadde stort sett heimekontor og fekk sendt posten heim med bod kvar dag. Rettslokala på denne tida var kummerlege, og i 1844 tok ni av medlemmene i retten, assessorar, som dommarane blei kalla på den tida, saka i eigne hender og skreiv til Kongen: "Salens kakkelovne ere dernæst anbragt saaledes at de Medlemmer af Retten, som sidde paa den Fløi, der er ved de mange og aldri ganske tætte Vinduer, lide af Træk og Kulde og det sidste i den Grad, at de hyppigt sidde med Galoscher, medens de som sidde på den modsatte side, beklage sig over Heden, der saaledes genererer de to Assessorer, som har Plads med Ryggen tæt foran den ene Kakkelovn, at de ere udsatte for Helbredstab."

I 1846 flytta Høgsterett inn i nye lokale som ei enkefru Bølling åtte i Dronningens gate 18 B. Seinare tok Jacob B. Brun over denne eigedommen. Høgsterett heldt til her fram til 1898. Da blei leigekontrakten sagd opp fordi bygget skulle rivast.

Stortinget vedtok etter mykje om og men å kjøpe tomt til ny justisbygning i den forlengde Apotekergaten. Frå 1898 og fram til Justisbygningen stod ferdig i 1903, heldt Høgsterett til i Palæet i Fred Olsens gate 6. Palæet hadde husa medlemmer av kongefamilien og var ein vakker bygning, som blei totalskadd i brann i 1942.