Høgsterett i 1814

Foto: Ukjent/Oslo Bymuseum

Etablering og utnemning av dommarar

I unionstida hadde Noreg og Danmark ein felles dansk-norsk høgsterett, som heldt til i København.

Da unionen blei oppløyst ved Kieltraktaten av 14. januar 1814, måtte fellesordninga avsluttast. Den nye situasjonen kravde at Noreg som eit fritt land fekk sin eigen høgsterett. I § 89 i Grunnlova av

17. mai 1814 blei det derfor bestemt: 

“ Til at dømme i sidste Instans skal, saasnart mueligt, organiseres en Høiesteret, der ikke maa bestaae af færre, end Justitiarius og 6 Tilforordnede.”  

“Saasnart mueligt” blei tolka bokstavleg. Den 25. mai 1814, altså berre nokre dagar etter Riksforsamlinga, starta regjeringa arbeidet med å etablere den nye domstolen. Og det blei arbeidd raskt. Allereie i juli var eit utkast til “instruktion” for Høgsterett klart. Etter forslaget skulle saksbehandlingsmåten vere dels munnleg, dels skriftleg, avhengig av saka. Men det var stor ueinigheit om dette. Diskusjonen gjekk nesten heilt fram til den formelle opninga eitt år seinare, den 30. juni 1815. Den 27. september 1814 utnemnde regjeringa Johan Randolf Bull, stiftsamtmann i Bergen, til Høgsteretts første justitiarius. Saman med han blei også dei seks andre dommarane – eller assessorane, som dei blei kalla den gongen – tnemnde. 

Dei seks var etatsråd Hans Falbe, justisråd Peter Collett, stiftsoverrettsassessor Jørgen Mandix, stiftsoverrettsassessor Jens Petter Debes, sorenskrivar Andreas Kiønig og byfogd Fredrik Motzfeldt. Kiønig og Motzfeldt hadde vore medlemmer av Riksforsamlinga på Eidsvoll. Dommarane var i alderen 35 til 65 år. I tillegg til dommarane blei det utnemnt ein justissekretær og to protokollsekretærar. Årleg “gage” for justitiarius Bull skulle vere 4 000 riksbankdalar, medan lønna til dei andre dommarane varierte mellom 2 000 og 2 600 riks­bankdalar. Lønna til justis- og protokollsekretærane var høvesvis 1 400 og 1 000 riksbankdalar. 

Regjeringa kunne ikkje ha gjort eit betre val enn å utnemne Johan Randolf Bull til justitiarius. Han var ein person med “skarp dømmekraft og human livsoppfatning forenet med prøvet erfaring og et sundt praktisk blik for livets realiteter”. Med sine 65 år blei han av samtida omtalt som den “ærverdige olding”, ein karakteristikk som seier mykje om den gjennomsnittlege levealderen, som da var på omkring 40 år. 

Etatsråd Falbe skulle ifølgje seg sjølv fleire gonger ha fått forsikringar frå Kong Christian Fredrik om at han ville b li utnemnd til justitiarius. Han blei derfor så skuffa over berre å bli vald som 1. assessor at han sa frå seg embetet. Petter Collett rykte da opp til 1. assessor. Den le­dige dommarplassen som følgde av opprykket, blei seinare – i juni 1815 – fylt ved at advokat Christopher Frimann Omsen blei utnemnd som den sjette assessoren. 

Etter dommarutnemningane var det viktig å finne eit eigna lokale for den nye domstolen, noko som viste seg å vere vanskeleg. Kristiania var ikkje klar til å ta imot alle dei institusjonane som følgde med stillinga som hovudstad i det sjølvstendige Noreg. I oktober 1814 foreslo justitiarius Bull for regjeringa at Høgsterett skulle overta lokala til det som hadde vore den øvste domstolen i landet under dansketida – Overhoffretten, som hadde halde til i Stiftsgaarden i Rådhusgata 13. Men trass i at regjeringa var positivt innstilt til forslaget frå Bull, nekta stiftsamtmannen i Kristiania å gi frå seg dei beste romma. Høgsterett måtte ta til takke med ein sal i første etasje i bygningen. Salen blei omtalt av retten sjølv som eit “maadelig lokale” der det verken var plass til justiskontor eller arkiv. Den offisielle opninga av Høgsterett og seinare rettsmøte måtte derfor haldast i biblioteket til Katedralskolen i Dronningens gate 15. 

Plassproblema var uløyste heilt til 1903. Da flytta domstolen inn i den nye Justisbygningen i Kristiania, den bygningen som i dag er Høgsteretts Hus.


Artikkelen byggjer på informasjon i G. Hallager: Norges Høiesterett 1815–1915, Bind I 1815–1863 og Nils Rune Langeland: Siste ord, Høgsterett i norsk historie 1814–1905.

Attende til førstesida www.hogsterett.no