Høgsterett 200 år

Foto: Ukjent/Oslo Museum

200-årsjubiléet vart markert tysdag 30. juni 2015 i Høgsteretts store rettssal. 
Kongen, stortingspresidenten og statsministeren saman med gjester, mellom anna frå dei nordiske land, var til stades.

Les meir om Høgsterett i jubileumsåret

Høgsterett i 1814

I unionstida hadde Noreg og Danmark ein felles dansk-norsk høgsterett, som heldt til i København. Da unionen blei oppløyst ved Kieltraktaten av 14. januar 1814, måtte fellesordninga avsluttast. Den nye situasjonen kravde at Noreg som eit fritt land fekk sin eigen høgsterett.