Tilsette

 

Noregs Høgsterett har 20 dommarar og blir leidd av justitiarius. Det blir lagt vekt på at Høgsterett er breitt sett saman.

Dommarane skal komme frå og ha yrkeserfaring frå ulike stader i landet. Det skal vere spreiing i bakgrunn og karriere, og dommarane skal rekrutterast både frå det private næringslivet og frå offentleg verksemd. Det skal vere ei tilfredsstillande kjønnssamansetning og spreiing i alder. Men grunnvilkåret er høg fagleg dyktigheit.

Administrasjonen i Høgsterett består av omkring 45 personar. Dei fordeler seg på ei juridisk utgreiingseining og ein administrativ stab. Justitiarius har som domstolsleiar også det øvste administrative ansvaret, og deltek i behandlinga av administrative spørsmål av prinsipiell og stor praktisk betydning for domstolen. Administrasjonen blir til dagleg leidd av ein direktør som er embetsmann, og ein assisterande direktør. Juridisk utgreiingseining er den største eininga i Høgsteretts administrasjon og består av 20 personar inkludert leiar og nestleiar.