Høgsteretts nettinformasjon

Høyesteretts Hus september 2010. Foto: Høyesterett

I Høgsterett er det dei sakene som blir behandla i Høgsteretts ankeutval og i Høgsteretts avdelingar, som utgjer dagsordenen.

Korleis bruke www.høyesterett.no
Saklista inneheld ei oversikt over alle saker som skal behandlast av Høgsterett i avdeling. Saklista med samansetnaden av retten blir lagd ut kvar femte veke.

Avgjerdene
Dei siste avgjerdene blir publiserte under menyvalet Avgjerder. Her blir alle nye avgjerder frå avdeling, storkammer og plenum publiserte, frå 1.12.2010 også grunngitte avgjerder frå Høgsteretts ankeutval og anker over dom som er nekta fremja. Samandrag av alle avgjerder frå avdeling, storkammer og plenum ligg føre elektronisk tilbake til januar 2000. Frå januar 2008 er desse avgjerdene publiserte i fullversjon.

Tilviste saker
Lista over tilviste saker inneheld saker som Høgsteretts ankeutval har vist til behandling.

Språk
Språkvala nynorsk, samisk og engelsk gir tilgang til den delen av menyen som er tilgjengeleg på desse språka.

Søkjefeltet
Dette er eit fritekstsøk der du kan skrive inn søkjeordet ditt for søk på heile nettstaden.

Felles portal for domstolane
Dersom du ønskjer informasjon om dei andre domstolane i landet, er nettstaden www.domstol.no ei nyttig adresse. Dette er ein felles portal for alle domstolane i heile landet. Portalen inneheld informasjon og rettleiing om alt som er felles for norske domstolar. Fleire domstolar har i tillegg eigne nettsider med oversikt over tidfesta saker og nye avgjerder. På domstol.no finn du lenkjer til dei domstolane som er på nett.

Ansvarleg redaktør for Høgsteretts nettsider er Svein Tore Andersen, tlf. 22 03 59 82, mobil 930 07 743 epost sta@hoyesterett.no