Informasjon frå Høgsterett

Fra domsavsigelsen i asylsaken desember 2012. Foto: Høyesterett

Høgsteretts informasjonsverksemd

Høgsterett er den øvste domstolen i landet og dømmer i siste instans. Høgsterett er ankeinstans for avgjerder som er gjorde i lågare rettsinstansar.

Hovudoppgåva til Høgsterett er å arbeide for rettsavklaring og rettsutvikling.

Rolla Høgsterett har i samfunnet, skal synleggjerast gjennom aktiv informasjon, innsyn i og openheit om verksemda ved domstolen.


Målgrupper for informasjonsverksemda

  • Massemedia
  • Allmenta
  • Juridiske fagmiljø  


Mål for informasjonsverksemda

Høgsterett avgjer prinsipielt viktige rettstvistar og straffesaker. Dagleg avgjer Høgsterett spørsmål som er viktige for samfunnet og for den enkelte.

Formålet med informasjonsverksemda er å bidra til openheit og innsyn – og ikkje minst gi kunnskap om og forståing av dei avgjerdene som blir tekne i Høgsterett. 

Rettsoppfatninga som Høgsterett byggjer avgjerdene sine på, skal følgjast i seinare saker. Det er derfor viktig at avgjerdene straks blir gjorde allment kjende og lett tilgjengelege.

Tilliten i befolkninga til domstolane og Høgsterett er avhengig av openheit om verksemda og vilje til å gi informasjon. Høgsterett svarer på spørsmål så snart som mogleg. 

Verkemiddel i informasjonsverksemda

Internett og elektronisk basert kommunikasjon er den primære informasjons- og kommunikasjonskanalen mellom Høgsterett og målgruppene.

Høgsterett skal så langt det er mogleg, føre eit enkelt og klart språk som er forståeleg for alle målgrupper.

Informasjon til massemedia

Høgsterett skal på eige initiativ informere massemedia om nye avgjerder frå avdeling, storkammer og plenum. Så snart partane er orienterte, blir avgjerdene, saman med eit samandrag, publiserte på nettsidene til Høgsterett, www.hoyesterett.no. Avgjerdene blir i tillegg distribuerte via e-post til dei journalistane og redaksjonane som har bedt om det. Det same gjeld informasjon om ankar som blir viste til behandling. Lista over tilviste saker på nettsidene til Høgsterett er alltid oppdatert. Det gjeld òg lista over saker som skal opp til behandling, og samansetninga av retten i den enkelte saka. 

Pressa får via e-post informasjon og påminning om særleg viktige kommande saker, og blir orienterte i god tid om plenumssaker, storkammersaker og andre saker som er av allmenn interesse.

I saker som har stor merksemd i media, blir prosedyren for fotografering og filming avtalt på førehand. I tråd med ønsket om openheit vil retten, der ikkje særlege forhold er til hinder for det, føre vidare praksisen med å tillate radio- og TV-overføring frå rettssakene. 

Nettsidene er det sentrale elementet i kommunikasjonen med omverda. I tillegg til avgjerdene blir det her publisert informasjon om dommarane, saksførebuinga og ankeforhandlinga, nøkkeltal frå saksbehandlinga og Høgsterett og Høgsteretts Hus. 

Behovet for rask og presis informasjon til media stiller særlege krav til informasjonsverksemda til Høgsterett. Dei juridiske spørsmåla som skal opp til behandling, er ofte kompliserte, og nyheitsredaksjonane og journalistane kan ha behov for rettleiing om kva ei avgjerd inneber. Høgsterett gjer sitt beste for å oppfylle dette behovet. 

Trådlause internettsoner er tilgjengelege for pressa i begge rettssalane med tilstøytande rom og i resepsjonen. Her finst òg informasjon om både dagens og kommande saker.

I januar kvart år blir pressa invitert til frukostmøte. Her deltek justitiarius og to av dommarane i tillegg til direktør, assisterande direktør, utgreiingsleiar og informasjonsrådgivar. Justitiarius supplert av dommarane går igjennom nokre av dei viktigaste sakene frå året som er gått, og i året som kjem. Formålet er å bidra til openheit og god dialog med redaksjonane og journalistane. Det blir lagt opp til eit uformelt møte med meiningsutveksling. Journalistar frå heile landet kan delta, og det er i tillegg tilbod om omvising i Høgsteretts hus.

Informasjon til allmenta

Nettsidene til Høgsterett er det sentrale elementet i kommunikasjonen med allmenta. Her finst informasjon på bokmål, nynorsk, samisk og engelsk. Nettsidene inneheld som nemnt ovanfor, i tillegg til avgjerdene, informasjon om verksemda og drifta til Høgsterett. 

Avgjerdene i Høgsterett er svært viktige, og allmenta må få enkel tilgang til dei. I tillegg til alle dei grunngitte avgjerdene frå ankeutvalet blir alle avgjerder frå avdeling, storkammer og plenum, saman med eit samandrag, publiserte på nettsidene. 

Høgsterett svarer på spørsmål frå allmenta så snart som mogleg og på ein enkel og forståeleg måte. Høgsterett kan ikkje gi råd eller svare på konkrete rettsspørsmål. Høgsterett kan heller ikkje kommentere avgjerdene sine.

Interesserte kan fylgje Høgsterett på Twitter og få informasjon om viktige saker og nye avgjerder, https://twitter.com/@hoyesterett_no 

Gjennom året tilbyr Høgsterett omvisingar og besøk i Høgsteretts hus, først og fremst for grupper på ti personar eller meir. Her får dei ei orientering om verksemda og drifta, historikk om Høgsteretts Hus og generell informasjon om det norske rettsvesenet. Dei får ei omvising i rettssalane, møtesalen og biblioteket. 

Høgsterett arrangerer kvart år ein open dag for allmenta. Arrangementet blir lagt til nærmaste laurdag til den internasjonale markeringsdagen The European Day for Civil Justice, som blir markert i oktober kvart år. Gjennom annonsar i dagspressa blir publikum invitert til å besøkje og bli nærmare kjent med den øvste domstolen i landet. Dei som ønskjer det, kan vere med på ei omvising i Høgsteretts hus. 

Informasjon finst òg i ein eigen brosjyre som inneheld ei kortfatta orientering i ord og bilete om Høgsteretts hus og saksbehandlinga i Høgsterett. Brosjyren er tilgjengeleg på nettsidene og i resepsjonen og ligg føre på bokmål, nynorsk og engelsk. Det er òg laga ei informasjonsbok om Høgsterett.

Informasjon til dei juridiske fagmiljøa

Dei juridiske fagmiljøa får i stor grad informasjon via nettsidene til Høgsterett.

Her blir alle nye avgjerder frå avdeling, storkammer og plenum og grunngitte avgjerder frå ankeutvalet i Høgsterett publiserte. Samandrag av alle avgjerder frå avdeling, storkammer og plenum ligg føre elektronisk tilbake til januar 2000. Frå januar 2008 er avgjerdene publiserte i fullversjon. 

Så snart avgjerdene ligg føre, blir dei mellom anna sende til Norsk Retstidende og Lovdata, som igjen publiserer avgjerdene for sine brukargrupper. Høgsterett svarer på førespurnader frå dei juridiske fagmiljøa om avgjerdene eller anna verksemd i Høgsterett i den grad det lèt seg gjere, og så raskt som mogleg. 

Dommarar rundt om i landet kan etter avtale få tilsendt nye avgjerder.
Same tilbod får ein ved å fylgje Høgsterett på Twitter https://twitter.com/@hoyesterett_no Her får ein alle avgjerder frå avdeling og begrunna avgjerder frå ankeutvalet.

Sentrale avgjerder på område der menneskerettar og EU/EØS-spørsmål er involverte, blir publiserte under eit eige menyval på nettsidene. 

I tillegg til dei nordiske domstolane samarbeider Høgsterett internasjonalt med mellom andre Network of the Presidents of the Supreme Judicial Courts of the European Union, International Association of Supreme Administrative Jurisdictions, Association of the Councils of State and the Supreme Administrative Jurisdictions of EU (ACA-Europe), Conference of European Constitutional Courts, The European Commission for Democracy through Law (Venice Commission) og International Association of Tax Judges (IATJ). Dei får på førespurnad relevante avgjerder frå Høgsterett. 

Dei juridiske fagblada Advokatbladet og Juristkontakt får informasjon på lik linje med pressa elles. Desse redaksjonane har også komme med ønske om utgreiing og intervju om verksemda i Høgsterett. Det er lagt vekt på å komme desse ønska i møte. Dette er publikasjonar som i stor grad blir lesne av juristar over heile landet, og temaartiklar og informasjon om Høgsterett og verksemda elles når gjennom dei store delar av dei juridiske fagmiljøa.

Høgsterett, mai 2019