Velkommen til Høgsterett

Høyesteretts fasade
Høyesteretts fasade Foto: Høyesterett

Det er to rettssalar i Høgsteretts Hus. Ankar som er fremma til munnleg behandling i avdeling, storkammer eller i plenum, blir behandla her.

I den enkelte saka blir retten sett med fem dommarar. Særleg viktige saker blir behandla i storkammer med elleve dommarar eller i plenum av ein samla Høgsterett.

Når dommarane møtest, har dei ikkje drøfta saka før.

Kvar dommar skal danne seg si sjølvstendige meining om tvisten på bakgrunn av det som kjem fram under ankeforhandlinga.

Under rettssaka gjer advokatane greie for saka og argumenterer for sitt syn. Dommarane stiller gjerne spørsmål.

I Noreg har denne munnlege forma lang tradisjon. Munnleg behandling er meir utbreidd i Noreg enn i dei fleste andre land, der saker i større grad blir behandla skriftleg.

Dei aller fleste sakene går for opne dører. Det betyr at alle som ønsker det, kan komme til Høgsterett for å høyre på ei sak. Det er ikkje nødvendig å gi beskjed på førehand.

Rettssakene går vanlegvis frå kl. 09.00 til kl. 14.30, tysdag til fredag, med lunsjpause frå kl. 11.45 til kl. 12.30.

Oversikt over kva saker som er beramma, og når dei skal behandlast, finn du på heimesida vår, www.hoyesterett.no.

OPEN DAG OG OMVISINGAR

Høgsterett inviterer kvart år publikum til open dag ein av dei to siste laurdagane i oktober.

Høgsterett tar imot grupper for omvising i Høgsteretts Hus. Vi tar også imot rettslæreklassar frå vidaregåande skolar.